surnadal vidaregåande skole fasade 2016_690x403

Surnadal vidaregåande skole melder:

Fråværsgrense i vidaregåande skole

Frå 1. august gjeld ei fråværsgrense på 10% i vidaregåande skole. Denne grensa gjeld per fag. Elevane vil få informasjon om den nye fråværsgrensa ved skulestart. I tillegg blir det foreldremøte med dette som tema.

Fråværsgrensa i korte trekk
Ein viser til forskrift til opplæringsloven § 3-3 siste ledd og forskrift til friskoleloven § 3-3 siste ledd.


•Elevar i vidaregåande skole skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
•Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.
•Eleven må leggje fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fraværsgrensa.
•Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og fråværsårsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel får karakter.
•Fraværsgrensa gjeld timefråvær i enkeltfag, ikkje elevanes totale fråvær.
•Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.

Her finn du meir utfyllande informasjon frå UDIR om fråværsgrensa. 

Vi kjem tilbake med dato for foreldremøtet. Følg med på vår facebookside og på på vår heimeside www.surnadal.vgs.no