Vårsøghelga 2017

Frå ski til scene

Langrenn må vere god bakgrunn for musikarar, sa Jostein Ansnes da han opna konserten i lokala til Surnadal Billag AS laurdag kveld. Trudde ikkje det var så lurt å gå andre vegen.

Den tredoble konserten trefte midt i slagordet for Vårsøghelga 2017: Våryr, vakker og variert!

IMGP8120_690x460.jpg
Styreledar i laget Vårsøg, Jostein Ansnes, opna trippelkonserten.

Gruppene Trøbass&Jazz, The Brørs og #FakeBlews stilte, slik styreledar for laget Vårsøg sa til innleiing, med kvar sin musikar med erfaring frå Langrennsløypa. Mest kjent er nok Sigurd Brørs med både nasjonale og internasjonale plasseringar, men både Oddbjørn Sponås i Trøbass&Jazz og Olav Nergård Tørset i #FakeBlues har ei fortid som habile langrennsløparar.

Men denne laurdagskvelden var det musikken som stod i sentrum!

Konserten i Billaget laurdag vart på eit vis ei tidsreise, frå dei unge jazzmusikarane via slips- og vestkledde The Brørs til solbriller, dress og hatt hos bluesgjengen til slutt. Tidsreisa gjaldt både visuelt og musikalsk.

IMGP8125_690x460.jpg

Bjerkan/Sponås, eller her, Trøbass&Jazz består av Oddbjørn Sponås og selbyggen Vegard Bjerkan. Gruppa er ein nokså original duo med slagverk og Hammondorgel. Det fungerte aldeles utmerka, og vi fekk ein sterk start på konsertkvelden med dyktige og inspirerte musikarar.

Sponås handterte slagverket med stor innleving og intensitet, og Bjerkan viste oss trøbassjazz når venstrefoten dansa basstonane i sokkelesten, medan høgrefoten styrte volumet, og hendene vandra virtuost over dei to manuala på orgelet, pluss keyboard og litt elektronikk.

Applausen satt lett hos publikum, særleg når dei avslutta med sin tolking av Vårsøg.

IMGP8144_690x460.jpg

The Brørs, som består av Sigurd Brørs, gitar, Mac, projektor og diverse annan elektronikk sa at «at hanj vesst ikkje kålles hainj skoilla by’nnj», og dermed var showet i gang!

Han delte utfordringar med husarbeid, blues, oljesjef-foredrag, «det å få ungje» og pappapop med oss i eit forrykande multimediashow som han må ha brukt årsverk på å sette saman. Kan ikkje beskrivast, må opplevast!

IMGP8148.JPG
«Mamma gir pupp, pappa gir pop,» let det i pappapopsongen.

IMGP8156.JPG
Teksta på¨allsongen fekk vi på veggen!

IMGP8178_690x460.jpg

#FakeBlews - blues, ja, men fake, nei!
Kvelden vart avslutta med to fyldige avdelingar med bluesgjengen som kalla seg #FakeBlews. Dei ber ikkje namnet sitt med rette. Dei leverte ekte varer både for syn og hørsel, men røtene deira er temmeleg lokale.

Lyssetting – lydbildet – hatt og solbriller gjorde bluesstemninga i Billaget nær fullkommen!

Dei brilliante musikarane fekk god anledning til å vise seg i soloavdelingar, noko publikum gav uttrykk for at dei likte. Publikum storkosa seg og eit par vart så medrivne at dei serverte improvisert dans under siste nummeret frå «FakeBlews - som ikkje var så fake.

#FakeBlews består av:
Vokal: Øystein Hjelle Bondhus/Lisa Botterli Flostrand. Trommer: Olav Nergård Tørset. Piano: Brage Kristian Einum. Gitar: Rune Dalager. Bass: Sondre Skogseth. Trompet/Munnspel: Martin Einum.

Nedafor ser du nokre bildeglimt frå konserten:

IMGP8165
IMGP8167
IMGP8182
IMGP8184
IMGP8186
IMGP8187
IMGP8191
IMGP8197
IMGP8204
IMGP8206
IMGP8207
IMGP8208
IMGP8209
IMGP8215
IMGP8123
IMGP8125
IMGP8126
IMGP8128
IMGP8132
IMGP8136
IMGP8138
IMGP8145
IMGP8147
IMGP8151