header1

Stangvikfestivalen

"Frå mørker til lys" i Stangvikkyrkja

Laurdag kveld inviterte Stangvikfestivalen til konsert med Trondheimssolistane i Stangvik kyrkje. Trondheimssolistane hadde for anledninga med seg fleire gjesteartistar, som var med på å gjera konserten ekstra minnerik for dei vel to hundre frammøtte denne varme sommarkvelden.

Konserten vart opna av at pianist for kvelden, Else Bøe, spela "Memento mori nr 1", komponert av Marcus Paus, som sjølv var til stades på konserten. Deretter vart det fire satsar frå Sjostakovitsj` symfoni nr 14. med Trondheimssolistane og dirigent, Peter Hatfield, godt hjulpet av Sigrid Vetleseter Bøe`s vakre sopranstemme og Erik Rosenius` kraftige og djupe bassstemme samt Else Bøe på piano og perkusjon før det vart eit stykke av den polske komponisten, Henryk Gorècki, kalla " Tre stykke i gammel stil". 

Helge Jordal tok derretter over og las diktet "Reise seg" av Marie Takvam med stor innleving, før  Else Bøe spelte Marcus Paus` komposisjon "Memento mori nr 2" . Paus hadde også sett musikk til Andrè Bjerkes dikt "Den hemmelige sommer" som vart framført av Trondheimssolistane og mezzosopran Tora Augestad.

Vi fikk òg høyre frå Dvoràk`s komposisjon "Bibelske sanger Op. 99" kor Erik Rosenius og klarinettist, Robert Pickup var med. Pickup, saman med ein strykekvartett,  spelte "Dreams and prayer`s of Isaac the blind" av Golijov etterpå.

Nest siste nummer var "Veldig heldig mann" av Terje Nilsen. Helge Jordal song og fekk publikum med å syngje på refrenget, før kvelden vart runda av med W. Kilar`s "Orawa"

Ein fin konsert med utruleg dyktige musikarar og songarar som publikum sette stor pris på!

Jordal1.JPG
Helge Jordal las dikt.

paus.JPG
Marcus Paus fortel litt om sin komposisjon til diktet "Den hemmelige sommer" av Andre Bjerke.

Robert Pickup.JPG
Trondheimssolistane i samspel med klarinettist, Robert Pickup

sigrid 3.JPG
Sigrid V. Bøe imponerte med si kraftfulle og vakre røyst.

Tora Augestad.JPG
Mezzosopran Tora Augestad.