Søndag
Søndag Regn
19°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris
Picasa

Frå Hans Børli via Shetlandreel til nyare europeisk klassisk musikk

Konserten i Stangvik kyrkje første pinsedag vart ei fin oppleving for alle dei som tok vegen dit. Vi deler litt av opplevinga nedafor.

Bjørn Sundquist opna konserten med Sølvi Ytterstad sin aktualiserte og oppdaterte versjon av "Fadervår". Med innlagte eksempel frå i dag, var dette ein fin inngangsbøn til kyrkjekonserten.

Resten av lesingane til Bjørn Sundquist var tekster av Hans Børli.

Dei musikalske innslaga var ved Harald Rise på orgel og Trine Knutsen på fløyte frå galleriet.

Vi fekk høre "Sonata da chiesa" av Frank Martin og "Trois mouvements" av Jehan Alain frå dei.

 

Frå Shetland kom Catriona MacDonald og gav oss ei avdeling med sin musikk på fele. Vi fekk først høre ein av dei eldste bruremarsjane på Shetland.

 

Så fekk vi høre "Michaels mazurka", skriven av ein avdød slektning, før ho avslutta med Shetland reels med godt trykk på hælen.

 

«Poesi er at du lever», skriv Hans Børli i diktet «Poesi», som Sundquist las. 

Diktet «Getsemane» er også eit typisk Børlidikt, - han er oppteken av skogen og livet der. Vi fekk ein fin overgang frå gjetarfløyta i diktet til fløyte og orgel frå galleriet.

Fløytisten Trine Knutsen avslutta konserten aleine med «Laconisme de Làile» av Kaija Saariaho. I denne komposisjonen fekk vi i tillegg til dei mjuke fløytetonane høre mange andre lydar. Lyden av vindpust og visling gav god stemning på ein pinsedag.

Alle artistane mottok velfortent applaus: frå venstre: Harald Rise, Catriona MacDonald, Bjørn Sundquist og Trine Knutsen.

Tips en venn Skriv ut