lærar Henning_1024x683

Da 8. trinn hadde «musikktime» med Henning

Frå Dagestan til Lindemann

Henning Sommerro vart ønska velkomen med fødselsdagssongen da 8. trinn ved Surnadal ungdomsskule møtte til «musikktime» med jubilanten på Surnadal kulturhus fredag. I løpet av skuletimen i Svorkasalen fekk 8.klassingane bli kjende med både personen, musikaren og showmannen Henning Sommerro, men også andre grunnpilarar frå kulturlivet i Surnadal, som Hans Hyldbakk og Lindemann.

Henning Sommerro var ein god og engasjerande lærar for 8.klassingane. Alle foto: Norunn Holten

Det vart ein litt annleis «musikktime» for ungdommane frå Surnadal ungdomsskule som fekk ha Henning Sommerro som musikklærar gjennom ein skuletimes tid fredag. Ungdommane sjølv overraska jubilanten med fødselsdagssongen idet han kom inn, og etterpå song dei også «No e sola komma» for å gjera stas på han. Henning innrømte at han tykte det nesten har blitt litt for mykje av det gode i samband med fødselsdagen, men denne velkomsten sette han pris på og meinte det var «ekstra stas».

Etter opninga til ungdommane tok Henning sjølv ordet og fortalte om Hans Hyldbakk og møtet med tekstane hans. Han fortalte også om korleis han sjølv starta opp som musikar, først på trekkspel saman med Ola Skei og sidan i band. Han fortalte om The Beatles og forklarte kor mykje dei har hatt å seie som inspirasjonskjelde for dei unge på 60-talet, og framførte storslageren frå tida med The Tramps, «Can’t you see Mariann», for ungdommane. Dei fekk også smakebitar frå den øvrige musikalske produksjonen til Henning, både den kjente og meir ukjente. Nok var «live», noko frå CD. Litt overraskande for mange blant publikum var det kanskje å høyre Henning fortelje at han brukar mesteparten av tida si på den musikken som er minst kjent blant folk flest. Henning poengterte likevel at han såg på alle musikkformer som likeverdige. «Det er akkurat det same ein prøver å få til, uansett kva uttrykk ein arbeider med,» sa han. Det var med andre ord stor spennvidde i emna som vart tatt opp under «musikktimen» i Svorkasalen. Ungdommane fekk påfyll med kunnskap om musikarslekta Lindemann og sambandet dei har til Surnadal. Dei fekk høyre om inspirasjonen Henning har funne i russisk musikk, og om eksotiske opplevingar frå ein av turane hans til den russiske staten Dagestan.

Det vart ein minneverdig time for elevane på 8. trinn. Mange hadde ikkje opplevd Henning Sommerro før, men her fekk dei eit møte mange av sidene hans. Ikkje mange er betre til å imitere diktarhøvdingen Hans Hyldbakk enn Henning, og få taklar improvisasjon som han. Avsluttinga på timen var ein lattervekkande improvisasjon over jubilantens tankar kring Henning-statuen i Kulturhuset, så alt tyder på at forma er på topp før Kleivakvelden i ettermiddag.

Ungdommane stilte seg i ring rundt Henning og song fødselsdagssongen for han.

Det blir musikktime med mykje god humor når Henning slår seg laus!

Henning improviserer om det nyleg avduka kunstverket av han.