Tonekveld i Øye

Frå Bach til Bøe

Midt i veka – på ein vanleg onsdagskveld - kunne vi oppleve både konsert og messe med koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle som hovudaktørar under leiing av Bernt Bøe, og med sokneprest Vidar W. Rygh som liturg under messa i Øye kyrkje.

2019-03-13 20.20.07.jpg

Trass i dårleg vinterføre var det eit halvt hundre frammøtte som onsdag kveld fekk ein fin tonekveld i Øye kyrkje.

KoretProsjekt17[1].JPG

Prosjekt 17 kallar seg eit prosjektkor, og det kom i gang i 2017 med Bernt Bøe som leiar da han slutta som organist. Songarane var tidlegare med i Åsskard kyrkjekor, Todalskoret og Bøfjorden mannskor.

Bernt Bøe.JPG
Bernt Bøe leda kvelden og dirigerte songarane.

Onsdag kveld fekk vi oppleve tonar frå fleire kontinent og tidsaldrar, frå Bach til Bøe sine tonar, frå folketonar og salmar til tango og springar!

Kvelden starta med «Gører portarna höga» med tekst frå Salme 24 i Bibelen til tone av svenske Gunnar Wennerberg, som også var svensk kyrkjeminister og kjend forfattar.

Deretter song forsamlinga i lag med koret to salmar frå salmeboka.
– Den fargerikaste salmeboka vi har hatt, sa Bernt Bøe! Boka er raud utanpå, men han meinte nok også innsida av boka, for den første salmen var håpstangoen «Fordi han kom og var som morgenrøden» frå Argentina (Salmeboka nr.479).

Forsamlinga fekk vere med på fleire salmar i lag med koret, men det var korverka som var mest sentrale. Vi fekk Bach-kantate med heile koret, og kor med tenorar som leiarstemme og den amerikanske spiritualen «Amen» vart framført med to sopranar som leiande solistar. Den svinga det godt av!

Overgangen til den nasjonalromantiske «Gud signe Noregs land» som fellessong var stor.

TorgeirLeivdalIMGP8573.JPG
Torgeir Leivdal framførte feleslåtten «The Musical Priest» spesielt for Vidar prest, fordi han tør å synge! Det var ein polsdans, eller kyrkjespringar, med irskprega melodi.

Prosjekt 17.JPG

Den norske valsekongen Reidar Thommesen og «Lyktemannen» Frimann Clasen, forfattar og radiosjarmør i gamle NRK, har laga ein slager ut frå 1.Korintarbrev kap.13, kjærleikskapitlet i Bibelen, «Kjærligheten er det største». Den var foreslått til den nye salmeboka, men du finn den ikkje der. Damene i koret framførte den og to andre salmar.

IMGP8581.JPG

Mannskoret i Prosjekt 17 framførte Lina Sandells «I den stilla aftonstund» til ein spansk hymnetone arrangert av Bernt Bøe, den perfekte avslutningssong. som avslutta konsertdelen av tonekvelden.

OddveigH.HalleogTorgeirLeivdalIMGP8586.JPG
Organist Oddveig H. Halle, piano, og felespelaren Torgeir Leivdal hadde tonefylgje under Folketonemessa.

I «Folketonemessa», som Bernt Bøe sette saman i samband med 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011, fekk vi høyre salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby (til satsane Kyrie, Credo og Agnus Dei) og danseslåttar etter Hallvard Ørsal (Gloria, Sanctus og Amen). Folkemusikken er henta frå Edvard Bræins samlingar.

Aldri har vi vel høyrt Amen og Halleluja songe som springar!

Sokneprest Vidar W. Rygh_690x975.jpg
Sokneprest Vidar W. Rygh var liturg under messa.

Prosjekt 17 Folketonemesse.jpg
Vi ser fram til neste gong vi får møte dette koret, som vi vonar ikkje vert berre eit kortvarig prosjekt!