Picasa

Fra Romundstadbygda til turné med Den Norske Opera

På Åpen Dag under Kulturvøkku 2014 var det Turid Røen Kroknes som var gjest. Ho er romundstadbøgg som bur i Valsøyfjord, men har operert på mange store scener.

Dei fleste i forsamlinga kjenner Turid, men mest som songar. Denne formiddagsstunda vart vi meir kjent med ho som rindaling som voks opp i miljø som alle kjente seg att i.

Turid Røen Kroknes voks opp i Flålia i Romundstadbygda, ikkje langt frå Romundstad skule. Først budde dei på loftet på to rom, med bestemor og eit par tanter i første etasje. Seinare tok dei over førsteetasjen. No har Turid heimen sin som feriestad, og broren, Ingebrigt, har kjøpt nabohuset.

- Det e så mang' så e bort', sa Turid. Åra har gått, og haldninga til heimbygda har endra seg hos henne. Ho kjenner meir tilhørigheit no enn ho gjorde ei tid i livet sitt, og mange av minna frå barndommen delte ho med oss.

Trongen til scena dukka kanskje opp alt i barndommen da ho og nabojentene var opptekne med Josephine Baker som hadde så mange adoptivbarn. Steinar vart til folk, Josephine og alle barna, som dei leika med.

Dei var også opptekne av Kongfolk. Det var rolleleiking, og Turid hugsar at ho var dronning Farah Dibah medan nabojentene Karin og Magda hadde andre roller! Så var dei sjølvsagt idrettsinteresserte, dei samla på idrettsbilde. Turid laga boka: Skøytedramaet om isens helter. Søstra, Merete var meir interessert i kombinert, og laga ei bok om kombinertløparen Arne Larsen.

Eit anna minne Turid trekte fram var spenninga når ho fór og selde julebøker før jul: Oppi Austistu å Haltlin hadde dei gaukur, kom gauken fram? Ho hugsar ikkje at ho nokon gong såg den, så det var nok ikkje så lange opphald der.

Så mintes ho lærarane sine, både på Romundstad skule, og frå 3.klasse Rindal skule, frå gymnaset på Vinstra og lærarskulen i Hamar. Dei hadde på ulik måte betydning for henne. - Lærarane er viktiga, sa ho (Ho er sjølv lærar).

Eit særtrekk ved mange av lærarane var at dei skreiv så fint. - Kvar er den fine handskrifta no?

Første musikklæraren hennar var Ida Nerbu på Rindal skule. Ho spela orgel og dei song mykje. Seinare kom Ruth Stavne som var organist og fylte Rindalskjerka både med songen sin og orgelbrus, mintes ho. Seinare har Turid fyllt Rindalskjerka med stemmen sin mange gonger! Men før den tid hadde ho kjøpt seg gitar for 150 kroner på postordre.

Jentekoret med Johanne Sæter fekk også stor betydning for utviklinga hennar. Ho fekk mesta resept frå Halvorsen (distriktslegen) om å delta der for å lære å bruke stemmen rett. Det tykte Turid var gøitt, og vi andre hører at det verka!

Der måtte ho fram med gitaren, for ho ville framføre ein song ho aldri hadde opptrått med offentleg før. Dermed fekk vi høre henne synge den kjente slageren "Frøken Johansen" kjent frå repertoaret til Inger Jakobsen.

Ho var også med i skulekorpset og berømma den gode musikkopplæringa Erik Sjømæling gav gjennom skulekorpset.

Så kom puberteten: Nei, huff, sa ho om den. Da streid ho med trua si. På ein påskeleir på Storli skule vart ho skikkeleg omvendt. Det førte til kommentarar både frå dei som sa at no måtte ho passe seg når ho møtte dei tidlegare vennene sine, og dei andre som sendte lappar og spurte om ho verkeleg hadde gått til nattverd.
 - Trua er der framleis, sjølv om eg har prøva å komme bort frå den, sa ho, før ho framførte Kristin Solli Schøien si vise " Gud, du er ikke i min verden, allikevel er jeg i din....."

På gymnaset i Vinstra tok synginga til med gitar og scene. Ho fekk hovudrolla som Anny i musikalen "Anny Get Your Gun" og turnerte både til Orkdal og Trondheim.

Etter råd frå lærar Ingjerd Skådel (mor til Håvard Skådel, som var organist i Rindal ei tid) begynte ho på lærarutdanning, og ho tok musikklina på Hamar lærerskole. Der fekk ho vere med på mange store klassiske oppføringar med koret til musikklina.

Der møtte ho for første gong ein homofil medstudent som ho vart godt kjent med. Han hadde flygel på hybelen og dei øvde mykje i lag. Etter kvart fekk ho og høre om opplevingane han hadde som homofil. Heldigvis er det stor framgang i synet på homofili sidan da, men ho meiner at mange miljø treng å bearbeide synet sitt framleis.

Den personen som no kom til å hjelpe henne i utviklinga. var songaren og pedagogen Helge Birkeland. Ho fekk seg lærarjobb i Skedsmo for å øve med han i Oslo to gonger i veka.

Karrieren vidare vart det lite tid til, men ho fekk fortalt litt om oppdraga ho har hatt med Kristiansundsoperaen, Gurispelet på Smøla og som Fru Inger på Steinvikholmen, også opera. Til det siste måtte ho lære seg å ri, for fru Inger skulle ri inn på scena, og den rolla ville ho ha.

- Alt starta oppi Romundstadbøgden, sa ho til slutt, - og eg er fornøgd med livet!

Som ekstranummer etter lapskaus, riskrem og kaffe fekk forsamlinga - etter eget, sterke ønske, høre Rørdalsvisa skriven av bestefaren Ingebrigt Røen.