Stangvik Bilde tatt fra ferja

Fotografering i Stangvik

Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil utover hausten fotografere heimar i Stangvik til bruk i ny bygdebok. Dette gjeld heile strekninga frå Hyllbakken til Brøskja. Arbeidet vil starte så fort det blir finversdagar og fotovær og halde fram til alle heimar er fotograferte.

Viss nokon har ting dei vil ha gjort utanfor veggane før fotografane kjem, er altså tida inne no. Viss nokon held på med restaurering  eller av andre grunnar ikkje ønskjer at det skal fotograferast i haust, ber vi dei ta kontakt med bygdebokkontoret snarast slik at vi kan finne ei anna løysing. 

Kontakt bygdebok på e-post: norunn.holten@surnadal.kommune.no, eller tlf. 71 65 58 03.