Endelig kom sauen ut på beite!
Endelig kom sauen ut på beite!
Anne S. Gå til galleriet
Onsdag
Onsdag Delvis skyet
20°
Delvis skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Klarvær
22°
Klarvær
Svak vind

Fotgjengarovergang? Hæ? Kvar da?

I Trollheimsporten si kommentarspalte kjem våre medarbeidarar med betraktningar om smått og stort, og ser med skråblikk på ting i tida. Skribent denne gong er Bjørn Tore Brøske, som har oppdaga kva som er den største forskjellen mellom Bergen og Surnadal...

Som heimvendt surnadaling etter 17 år i Bergen, blir eg av og til spurt om det er stor overgang å flytte frå by til bygd. Ja visst er det det! Skulle berre mangle. Det må bli forskjellar mellom ein pulserande by med over 250.000 innbyggjarar og ein – kva skal vi kalle det? – litt meir saktegåande distriktskommune der folketalet no har spasert seg under 6000.

Når ein skal prøve å beskrive dei største forskjellane mellom Surnadal og byen mellom dei cirka sju fjell, forventar mange å høyre om den høgrøysta bergensaren som stappfull av meiningar, sjølvtillit og skarrande patriotisme legg begeistra ut om Brann, buekorps og Bryggen. Og for all del: Erkebergensaren med sitt taletrengte engasjement og store glede over å vere ueinig med kven som helst om kva som helst, er – korleis skal vi seie dei? - noko anna enn den meir inneslutta, fåmælte surnadalingen.

Det handlar sjølvsagt om nedarva kultur, lynne og ulike måtar å vere på som kvar for seg kan vere like bra. Alle kan da ikkje vere like utadvente som den typiske bergensar, heller (Og takk og pris for det…). Men overgangen kan følast stor frå tempoet, alle aktivitetane, den spontane inkluderinga og direkte tonen. Bergensaren helsar med eit høgt “Hallaien!” før han dreg i gang ein diskusjon med skråsikre konklusjonar der du knapt slepp til mellom inn- og utpusten.

Om surnadalingen møter deg på butikken, er det gjerne med eit “Jau… du er på butikken, ja?”. Om du da nøyer deg med berre å svare bekreftande, kan det fort bli ein kort samtale. Men legg du til noko om vêret, kan surnadalingen svare med noko om vêret, og begge kan gå derifrå og føle at det har vore ein bra prat.

Sjølv om eg har vent meg til det urbane tempoet, og gjerne skulle sett at ting hadde gått litt kjappare og folk hadde gått litt meir ut, så er det ikkje dét som skil by og bygd mest. Den mest tydelege forskjellen for min del, er at bergensarane er så mykje dyktigare i trafikken. Som fotgjengar og syklist følte eg meg slik nokonlunde trygg i byen. Her i Surnadal, derimot…

Det hjelper ikkje kor stor refleksvesten er eller kor mange blinkande lys og lykter det er på sykkelen. Eg føler meg usynleg likevel, og har ikkje tal på kor mange gonger eg nesten har blitt påkøyrd i fotgjengarovergangane. Kva som er grunnen til at så mange bilistar i Surnadal er så lite oppmerksame, anar eg ikkje. Men eg har ein teori om at sidan det er såpass få av oss mjuke trafikantar, så er vi nesten som eit framandelement. Vi er som ein litt rar, eksotisk rase - noko som “ikkje brukar å vere der”. Difor treng heller ikkje bilistane følgje med på om vi faktisk er der. Dei reknar med å ha vegen for seg sjølv, også den delen av vegen der fotgjengarovergangane er.

I tillegg har det nok også noko å gjere med at såpass mange surnadalingar snakkar i mobiltelefonen medan dei køyrer. Når du skal halde mobilen i eine handa og styre, gire og blinke med den andre – samtidig som du diskuterer kva som skal handlast inn til middag - seier det seg sjølv at dei ikkje er lett å følgje med på fotgjengarskilta og desse gåande som på død og liv skal krysse vegen…

Eg veit ikkje kva slags syn den typiske surnadalsbilisten har på oss gåande og syklande. Mest sannsynleg har han ikkje noko syn på oss i dei heile tatt, sidan det ikkje verkar som han ser oss.

I vinter har eg stort sett kvar morgon sykla eller gått frå Syltbakken til Skei til arbeid. Det har i tillegg til god form, også gitt meg ekstra konsentrasjonstrening og nokre interessante demonstrasjonar av lyden av bråbremsande bil to meter frå fotgjengarovergangen.

Det er mangt å fundere på i mørke morgontimar når ein går på arbeid. For eksempel kvifor gang- og sykkelstien frå Syltbakken til skuleområdet ikkje er opplyst av gatelykter. Eller kvifor bilistane i bygda ikkje er opplyste nok til å vite at fjernlyset når inn på gangstien og blendar oss som går der.

Men éin ting eg har fundert meg fram til, er at det har sine fordelar å vere gåande og syklande i Surnadal. Skulle eg bli lei av å trø rundt på Skei, er det nemleg berre å ta ein av dei mange bilane som til ei kvar tid står sjåførlaus og med motoren på. Det er berre å følgje eksosrøyken, bilduren og/eller bassdunkinga frå CD-anlegget, så finn ein bilar i alle kategoriar og prisklassar. Mobil følgjer det med i dei fleste, også…

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stumbleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no