Onsdag
Onsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Svak vind
Torsdag
Torsdag Regn
Regn
Lett bris
downton abbey

Annonse:

Fornemt på Surnadal kino

«Downton Abbey» held fram der fjernsynsserien sluttar – og dei to andre filmane denne helga har også ei historie dei spinn vidare på.

toy story4.jpg

«Toy Story» er ein serie med animasjonsfilmar godt likt av både publikum og kritikarar: «…historiefortellingen flyter som en drøm, samtidig som underholdningsfaktoren er svært høy», skriv NRK. «Toy Story 4» er med norsk tale, med aldersgrense 6 år.
 

it2.jpg

«IT: Chapter 2» (15 år) starta på Surnadal kino med eit skrik for ei veke sia; med smekkfull sal. I denne oppfølgaren kjem ungane frå «IT» tilbake, no som vaksne, nesten tre ti-år etter hendingane i den første (skrekk)filmen.

«Downton Abbey» hentar handlinga si attover i tid; til tidsrommet 1927–29. Downton får besøk av sjølvaste Kong George V og Dronning Mary. Det kongelege besøket skapar hurlumhei på godset, og det igjen fører til både nye konflikter og forviklingar.

Du finn heile kinoprogrammet på kulturhuset si heimeside.


 


 

Tips en venn Skriv ut