Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
000 For auge og øre Reidar Østvik ingr

Bilete og musikk i Bøfjorden:

For auge og øre

Bøfjorden Historielag melder at folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.

Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.

Torgeir Leivdal er kulturhandverkar i dobbel forstand. Tilknytta Husasnotra jobbar han med historiske byggeteknikkar. Han er også engasjert i restaureringa av den gamle kavlvegen på Eidet i Surnadal. Som felespelar vil han framføre slåttar etter Alexander Brandvik frå Bergsøya og folkemusikk frå Todalen.

Historielaget lovar også vakre naturbilete og lokal målarkunst på lerretet innimellom feleslåttane. Landskapet rundt Bøfjorden vil brette seg ut, og måleri av kristiansundaren Conrad Valeur (1850-1919) blir å sjå.

Alt dette i tillegg til at publikum kan nyte ettermiddagskaffen i godt lag.

Ingressfoto: Reidar Østvik besøkte museet med fotokunst også i 2011.

000 For auge og øre Leivdal Torgeir.jpg
Torgeir Leivdal står for levande nordmørsmusikk mellom biletinnslaga på museet.

 

2019 08 11 Museet Plakat.jpg

Tekst/Foto: Bernt G. Bøe/Bøfjorden Historielag


Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut