Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Flau vind
Onsdag
Onsdag Regn
16°
Regn
Flau vind

Kløvvegmarsjen 2020

Folksamt på Røstasetra

Trond Larsens Kvartett, minus Trond Larsen, underheldt folk medan dei kosa seg med rømmegraut, spekemat, bakels og tilbehør på setertunet på Røstasetra, og etter kvart kom deltakarane frå Kløvvegmasjen til seters også.

Velkomsthelsing av Røstagrisen[1].JPG
Denne vesle grisen ønska oss velkomne til Røstasetra

Folksamt på Røstasetra 2020-08-01 14.57.18.jpg
Det var folksamt både i ly for sola i teltet og ute på stølen på Røstasetra, og folk kosa seg i sommarvarmen

Folksamt.JPG

Erik Moen[1].JPG
Musikarane var Erik L. Moen - gitar

Bjarte With Aasgård 2020-08-01 16.00.44_690x976.jpg
Bjarte With Aasgård – trekkspel

Gudmund Husby 2020-08-01 16.00.12.jpg
Gudmund Husby – bass

Henrik Moen skatter 2020-08-01 13.36.34.jpg
Henrik Moen deltok både med scatting og på munnspel.

Henrik Moen munnspel.JPG

Grete Oddny Aarnes.JPG
Grete Oddny Aarnes fortalte historier og las eigne dikt både om stetfisking og markaslått. Der fekk vi høre om hubroen som Nils Røv hadde på låven og at den fekk nyfiska stete med dei.

Nils Røv 1.JPG

Nils Røv fortalte, og han spela både på dur – og moll-stemte munnspel til både nynning, humming og scatting frå publikum.

Nils Røv 2.JPG

Jämtlandsk bryllaupsmarsj gjekk både i dur og moll, noko som også kan skje seinare i ekteskapet.

Nils Røv og Erik Moen.JPG
- og vi var vitne til kreativ improvisasjon

Nils Røv, munnspel 2020-08-01 15.13.51.jpg

Tove Mogstad fortel at dei selde over 150 porsjonar med rømmegraut og spekemat, og like mykje bakels med graut, syltety og/eller trollkrem på, og folk såg ut til å vere storfornøgde med dagen.

Kløvvegmarsjen blir arrangert for å halde den vegen som vart bruka til og frå setrene i Vindøldalen i hevd. Turen idag gjekk frå Rabbain mot Mausetsetra. Dei kryssa elva rett nedom Røstasetra, og mange tok seg ein dukkert før dei gjekk opp til Røstasetra. Kløvvegmarsjen har vore arrangert kvart år sidan 2002.

I år var det 23 deltakarar på Kløvvegmarsjen

Med Kløvvegmarsjen ønsker dei også å minnast og ære dei som kvar sommar tok denne turen innover dalen med krøttera for å utnytte beitet, Dei som fór lengt skulle til Breiskaret eller Eiterdalen.

Tove Mogstad fortalte om no Ane Nyvægja, som hadde berre ei ku å sende med. Om hausten når kua kom ned i bygda att, så kjente ho att Ane, og det var stor gjensynsglede!

Heilt til slutt denne fine dagen takka musikarane for seg med låta «Sommer, sommer,sommer»!

Vindøldalen 2020-08-01 13.21.25.jpg