Ambulanse

1900 sympatisørar på Facebook-gruppe

Folkemobilisering mot ambulansekutt

Forslaget om å redusere ambulansetilbodet i Rindal, Surnadal og Sunndal, har ført til folkemobilisering på indre Nordmøre. Facebook-gruppa ”Vi som vil beholde den nåværende ambulanseordningen” vart oppretta tirsdag, og hadde onsdag kveld passert 1900 sympatisørar. Det er også lagt ut underskriftslister på fleire butikkar i Surnadal.

Ambulansesituasjonen i distriktet er vurdert av ei arbeidsgruppe i Helse Midt-Norge, der styret skal drøfte planen i dag, torsdag. Deretter skal saka ut på høyring til kommunane, før styret i Helse Midt-Norge skal ta stilling til revisjonen av Prehospital plan i april/mai.

Arbeidsgruppa går inn for at ambulansestasjonen i Rindal blir flytta til Storås. For både Surnadal og Sunndal er forslaget at den noverande ordninga med to ambulansar på vakt 24 timar i døgnet, skal reduserast slik at det på ettermiddag og natt (mellom klokka 18 og 08) berre er éin ambulanse på vakt. Innsparingane blir vurdert til fire årsverk og to millionar kroner per døgnbil som blir omgjort til dagambulanse.

Ambulanse

Utvalet meiner at både Surnadal og Sunndal i dag har betre anbulansetilbod enn samanliknbare kommunar i regionen. Rapporten hevdar også at ambulansen i Rindal, ut frå erfaringane dei siste åra, vil vere nærare flest brukarar ved å stå stasjonert på Storås.

Reaksjonane mot forslaget har vore spontane og kraftige. Surnadal-ordførar Mons Otnes uttalte til Trollheimsporten tirsdag at ambulansane er ein sentral faktor i kvaliteten på helsetilbodet lokalt, og at eit redusert ambulansetilbod difor er uakseptabelt. Otnes understreka også at han vil sende brev til Helse Midt-Norge i forkant av styremøtet torsdag, i tillegg til å ta opp saka direkte med styremedlem Asmund Kristoffersen.

Les meir her: - Uakseptabelt med ambulansekutt

Svært mange innbyggjarar i Surnadal og nabokommunane har dei siste dagane engasjert seg i kampen mot ambulansekutt. Da legevakta i Surnadal vart vedteke flytta til felles interkommunal legevakt ved Orkdal sjukehus, kom motstandarane altfor seint på banen med protestane sine. Kanskje kloke av skade frå den gong, har dei som no kjempar for å behalde noverande ambulanseordning, jobba kjapt sidan kuttforslaga vart kjent måndag.

På Kiwi og Domus i Surnadal vart det tirsdag lagt ut underskriftlister som skal sendast til Helse Midt-Norge. Facebook-sida ”Vi som vil beholde den nåværende ambulanseordningen” har på kort tid fått nesten 2000 sympatisørar frå Nordmøre og Trøndelag, og talet aukar nærast frå minutt til minutt.