påtrappa2_1024x683

Blomsterhaug forlag gir ut "Brotne band"

Første Hyldbakk-roman i bokform

Utgjevinga av Hans Hyldbakk sin roman “Brotne band” vil fornye bildet av det kanskje mest sentrale forfattarskapet på Nordmøre, seier Svein Sæter i Blomsterhaug forlag. Torsdag kom bøkene rykande ferske frå trykkeriet, og alt fredag vil bøkene bli køyrt ut til butikkar og bokhandlar. Der ventar vi det vil bli rift om romanen som er den einaste innan denne sjangeren i forfattarskapet til Hans Hyldbakk.

Anita Land og Svein Sæter i Blomsterhaug forlag har fått eit rykande ferskt opplag av "Brotne band" i hende. Foto: Norunn Holten

Romanen er tidlegare trykt i kulturavisa “Heimveg” som kom ut i Surnadal frå 1924 og åra framover. Ho kom ut annakvar laurdag, og folk frå heile Nordmøre var skribentar. Hans Hyldbakk og Leif Halse deltok begge frå første stund som forfattarar, og frå februar 1927 til april 1928 gjekk “Brotne band” som framhaldsforteljing i avisa. Sjølv om romanen altså tidlegare er publisert, er han aldri tidlegare utgjeven i bokform.

Svein Sæter, som også personleg har tala med Hans Hylbakk om forfattarskapet hans, kan fortelje at Hyldbakk eigentleg hadde ein stor draum om å bli skjønnlitterær forfattar. “Brotne Band er den einaste dokumentasjonen vi har på desse ambisjonane hans”, seier Sæter. Han meiner boka fortel at Hyldbakk også kunne ha blitt stor som skjønnlitterær forfattar, men meiner ein personleg knekk var årsaka til at det aldri vart noko av dette. Eit par år etter at han skreiv Brotne band, hadde han nemleg eit romanmanus til ferdigskrive. Dette heitte “Gunnar Hjelen”, og Hyldbakk var ikkje snauare enn at han sendte det til Noregs største forlag, Aschehoug. Nedturen vart stor da manuset vart refusert. “Han brente manus, og gjorde bestandig seinare narr av draumane sine om å bli skjønnlitterær forfattar”, seier Svein Sæter. Han fortel at dei gongene Hyldbakk nemnte noko om denne draumen seinare, var det i ironiske ordelag.

Når det gjeld innhaldet i boka, kan Sæter bekrefte at ho har sterke biografiske trekk, og at ulike personar i miljøet rundt Hans kan gjenkjennast. Hovudpersonen i boka heiter Sverre Vatneplassen og drøymer om å bli diktar. Foreldra til Sverre har fleire trekk felles med foreldra til surnadalsdiktaren. Den som er klarast portrettert, er likevel broren til Hans Hyldbakk. Broren til romanfiguren Sverre heiter nemleg også Hans, og han drøymer om å bli kunstmålar. Det gjorde også broren til Hyldbakk, Peder (Pe) Hyldbakk. Nettopp dette er årsaka til at Svein Sæter og Anita Land i Blomsterhaug forlag har valt å pryde forsida på romanen Brotne band med eit måleri som Peder Hyldbakk har måla. Peder vart nemleg heller aldri profesjonell målar.

Sæter meiner også at romanen viser at Hans Hylbakk var språkleg  fullt utvikla alt da denne romanen vart skriven. Ein lettlest, dialektnær nynorsk gjer at han trur boka også i dag vil passe publikum. Innhaldsmessig femner ho dessutan breitt: Dette er både ein historisk roman, ein kunstnarroman, ein kjærleiksroman og ikkje minst ein politisk roman.

Anita Land og Svein Sæter vil elles rette ein stor takk til Surnadal Heimbygdlag for økonomisk støtte som gjorde det muleg å gje ut denne frå før ukjente romanen. Den 10. november kl. 19.30 skal dei saman ha boklansering på Kulturhuset. Elles har utgjevarane alt ti bokkveldavtalar på blokka no før jul. Dei skal til Rindalshuset for å presentere boka den 16. november kl. 19.00, og til Rasteplassen i Halsa den 18. kl 11.00. Forleggarane tykkjer dei har trykt opp eit stort opplag: 1500 bøker. Med den posisjonen Hyldbakk har på Indre Nordmøre fryktar vi likevel at det kan bli rift om bøkene.

 

Blomsterhaug forlag har valt eit måleri av Peder Hyldbakk på framsida av romanen.

 Slik såg avisa boka opprinneleg vart trykt i ut. Foto: Norunn Holten.