Følg skisporet til Skråplanet

Følger du skisporet i asfalten vest for fylkesvegen i Rindal sentrum, så kjem du til Skråplanet, det nye amfiet mellom 3 Venner/ElCo og Øvre Dalen. Fredag vart det høgtideleg opna.

Publikum på Skråplanet IMGP6324.jpg

Mange ville vere med på opninga av uteområdet og amfiet.

Rindal S frå sør 2016-09-024.jpg
Ein del av det oppgraderte området ser vi til venstre.

Rindal S IMGP6349.JPG

Det har vore mange planar for Rindal Vest. Noko har vorte gjennomført, og fredag vart uteområdet ved det nye kommunale nærings- og bustadbygget Øvre Dalen og ElCo med spisestaden 3 Venner høgtideleg opna med snorklipping av varaordførar Magnar Dalsegg.

Magnar Dalsegg IMGP6336.jpg

Dalsegg er også nabo, og han mimra over utviklinga i Rindal sentrum dei 31 åra han har budd her. Mange gamle bygg er borte, og mange nye har grodd opp. (Sjå bilde lenger nede). Utemiljøet har også forandra seg. Før hugsar han det var nokså aktiv «burning» før dekkskift haust og vår.

Snora kutta IMGP6338.JPG

Dalsegg understreka av den grøne saksa han klypte snora med var utlånt av kommunen!

Blæstn IMGP6315.jpg

Musikkorpset Blæst'n underheldt både før og etter opninga, og Sivert Dombu (nedafor) leda den høgtidelege opninga.

Sivert Dombu IMGP6328.JPG

Dombu retta stor takk til alle som hadde deltatt i spleiselaget for å få til denne oppgraderinga av dette uteområdet.

- No er det veldig fint her, sa han,

Takken gjekk til Plankontoret og folka i kommunen, og til alle bidragsytarane: Møre og Romsdal fylkeskommune, Svorka, TNS Holding, El-Watch, Coop Orkla Møre og Rindal Sparebank.

Entreprenørane Aunemo og Vibo har også gjort ein kreativ og god jobb med å finne gode løysingar. Og naboane har vore aktivt med, understrekar Dombu.

Gøran Bolme IMGP6323.jpg

Musikk og humor fekk vi også, frå Gøran Bolme, som har kontoret sitt for iTrollheimen i Øvre Dalen.

Nils Heggem IMGP6326.jpg

Nils Heggem fortalde litt om planlegging og utbygging av dette uteområdet. No er det berre ein påkjørsel frå vest til fylkesvegen. Så er det grøntområde, stein og asfalt i tillegg til tre og betong i det nye amfiet. Heggem sa at området mellom Øvre Dalen og ElCo var ei utfordring. Vibo hjelpte til og kom med gode idear så det vart slik som vi ser det i dag.

Han takka og Plankontoret for ideen med ledeline for fotgangarar i form av skispor, - klassisk stil. ( - Skøytestil ville vere for krevande, meinte Heggem)

- Vi får ei utfordring med brøyting, men det skal vi klare, sa Heggem. Det forsvann også nokre parkeringsplassar som ein må finne erstatning for bak Autobygget/ElWatch for eksempel.

Kanskje kjem det solsegl over amfiet til våren?

Nils Stokke IMGP6332.jpg

Nils Stokke og ElCo har ansvaret for lyssettinga som vi får sjå om haustkveldane. Den skal gjere det trygt å gå her. Så får vi vente og sjå om han får med seg folk på "Dalafestival" etter kvart. Området er klart.

På sporet IMGP6350.jpg

Sivert Dombu (bakerst) og Nils Heggem følger skisporet etter Norunn Fossum fra Plankontoret på Berkåk. Det var Fossum som hadde ideen med skispor i skibygda. Eitt skispor leder til 3 Venner og eitt til amfiet "Skråplanet."

Fint trearbeid IMGP6344.jpg

Vi merker oss det fine trearbeidet som er gjort av Even Langli i Vibo.

Fot for godt trearbeid IMGP6345.jpg

Nils Stokke og Sivert Dombu har fot for godt treareid!

Øvre Dalen sokkel IMGP6343.jpg

Hyblane i sokkelen i Øvre Dalen har fått fine uteplassar.

Dalen frå Kjerklandet 2016-09-23 11.47.06.jpg

El-Co-bygget og Øvre Dalen sett frå sør.

Rindal sentrum utsniitt Telemark flyselskap Ca. 1958_690x347.jpg

Rindal sentrum med gamle Dalen i 4 etasjar midt på bildet. Bildet er eit utsnitt av et flyfoto frå Telemark Flyselskap ca 1958.