Mandag
Mandag Lett regn
10°
Lett regn
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Svak vind
Picasa

Flott turmål i Grønlifeltet

Vi går tilbake til kvardagen, mange etter ei fin vinterferie med gode turopplevingar ute. Trollheimporten har fått dele nokre bilde frå ein laurdagstur til turhytta i Grønlifeltet i Rindal. Den ligg ein kort skitur etter velpreparert løype frå parkeringsplassen ved vestenden av Grønlivatnet. Turen passar like godt for pensjonistar som for barnefamiliar.

 

Hytta er open og til bruk for alle turgåarar, sommar og vinter. Inne kan du kvile deg, varme deg og lage mat!

Ute kan du nyte utsikta over Trollheimen i sør.  Etterpå får du fin nedkjøring tilbake til parkeringsplassen, eller du kan gå vidare innover Furuhaugmarka om gapahuken ved Storvatnet til Skogsletta. Du kan også ta deg ein runde om Tiursåsen, og kanskje kjøre etter samme fine løypa ned til Rindal sentrum.

God tur!

Foto: Kjellaug Foseide.