Flott konsertoppleving i Paris

 

Dordi Skuggevik har skrive teksten til verket Olavsoratoriet, medan Ole Karsten Sundlisæter er komponisten. Olavsoratoriet hadde urframføring i Stavanger konserthus i september. Premiere var onsdag 15.oktober i katedralen Notre Dame i Rouen i Normandie, som ein del av 1000-årsfeiringa av Olav den heilage sin dåp i 1014.

Fredag 17.oktober vart verket framført i La Basilique de Sainte Clotilde i Paris – og i ei nesten fullsatt kyrkje satt også vi! Mange andre tilreisande surnadalingar var også tilstades på konserten. Det var ei storslagen og mektig konsertoppleving! Fleire kor (Kammerkoret fra Rouen-katedralen, Stavanger oratoriekor, gregoriansk mannskor frå Stavanger og gregoriansk mannskor frå Paris), orkesteret frå L’Opera de Rouen Haute-Normandie og fantastiske solistar imponerte stort! Og imponerer gjer jaggu også Dordi Skuggevik, som ikkje berre har skrive den mektige teksten, men som også har organisert det heile og satsa stort – og lykkast!

Etter konserten svara publikum med ståande applaus, og Dordi og komponist Sundlisæter vart heidra med fleire velfortrente blomsteroverrekkingar.

 

Dordi Skuggevik orig_690x1035.jpg

 

Dordi Skuggevik Paris_690x518.jpg

Her sitter Dordi med Jean Pascal Ollivry, jarlen i oratoriet og førstesongar i Paris-koret, Gabriel Marghieri, hovedorganist i Sacre Coeur, og hans bror Dominique Marghieri.
 

Vi er glade for at vi fekk oppleve dette!

 

Takk frå

Else Margrethe Haugen

Olufine Flessen

Tone Haugen Nordvik

Herborg Honnstad