IMG_6535 ingr

Flott historielagstur til Torviksetrene

Dagen kom med opp mot 20 varmegrader, landvind og opphaldsver da Stangvik Historielag laurdag arrangerte tur frå Stangvika om Storsetra og til Torviksetrene. Ca 15 stk møttes på Storsetra for å gå den nyrydda og nymerka ruta over mot Torviksetrene. 

Før vi gjekk vidare, fekk vi høre litt om historia til Storsetra. Det gamle seterskjelet brann opp etter lynnedslag den 22. juli 1954, og dermed vart siste året for setring her i 1953. Stølen voks etter kvart att, men i 2009 bestemte eigaren seg for å rydde, skogen vart hogd og røtter fjerna, og dei seinare åra har den vorte «beitpussa» etter blomstringssesongen.

Vi kika inn i fjøset – som er istandsett -  her kan ein gå inn for å ete nista, eller berre sitte og kvile.

Så bars det vidare inn Litl-lia, etter tørr fin sti, første målet var Middagssteinen. Her er det Trimkasse med bok, og ein liten benk. Frå stien er det fin utsikt mot bl.a. Årnes, Hamnesfjorden, Bølia, Hjelmen  og Tussan .

Etter ein liten stopp her bar det vidare ned mot Torviksetrene. Herifrå var det meir myrlendt, men godt merka.

Og nede på setra tok Randi, Rolv og Sissel Lysø imot oss ved Nestuskjelet. No var det tid for å eta resten av nista – og trur du ikkje at Randi varta opp med «graut og bakels» og!

Randi fortalte litt om setrene her, og hadde mange artige historier frå seterlivet. Ho sa blant anna at dei ikkje laga «seterprodukter» (smør eller ost), mjølka vart separert, og det vart laga rømme og koka rømmegraut. Setra var eit samlingssted for både unge og gamle, og alle måtte få rømmegraut når dei for forbi! Siste året det var setra her var i 1954.

Dei seinare åra er Nestuskjelet påbygd, slik at «gammelskjelet» har vorte soverom, og påbygget  har vorte opphaldsrom. Veggen mellom desse to romma er den opprinnelege ytterveggen på skjelet, riktig artig og fint!

Etter ei koseleg stund ved setra, var det på tide å ta fatt på heimvegen, opp myrene til Middagssteinen og utover til Storsetra. Stor takk til Randi, Rolv og Sissel for ei triveleg stund ved setra!

Svein Aarnes fortalte og at han og Randi no har merka sti frå setra og opp mot Sivertvarden og Engerlivarden, og vidare opp mot Langvatnet.

Ein fin tur i godt turver og eit triveleg turfølge – takk for turen!

Ingressfoto: Samling ved Storseterfjøset.

IMG_6538.JPG
Pause ved Middagssteinen.

IMG_6540.JPG
Nestuseterskjelet.

IMG_6545.JPG
Niste, graut og bakels ved Nestuskjelet.

IMG_6551.JPG
Ein artig levegg, rester av «gammelløå».
 

Tekst:/foto: Marit Haugen.

Stangvik historielag er medlem av Trollheimsporten.