Mål1_1024x820

Fleirtal for bokmål ved Øvre Rindal

I dag var det rådgivande folkeavstemming om hovedmålform ved Øvre Rindal skule. Avstemminga foregikk mellom klokka 1200 og 1800 på skulen. Trollheimsporten var innom et kvarters tid frå halv to i dag og mange stakk da innom for å avgi stemme hos Line Flåtten, Gro Magnhild Brønstad og Kjellaug Foseide. Her legg Odd Ranheim sin stemmeseddel i urna. Det har kome mange lesarbrev rundt saka. Du finn alle her under leserinnlegg på Trollheimsporten.
No er resultatet klart: 89 stemte bokmål og 63 nynorsk!

Det var 443 som hadde stemmerett, av desse stemte 153, altså 34,5 %. 
Bokmål fekk 58,2 % og nynorsk 41,2 av stemmene. Ei stemme var blank.

Klikk på bildene og sjå dei større - klikk vidare og sjå dei i ein serie: Så snart resultatet er klart i kveld, kan du sjå det her på Trollheimsporten - følg med!

Mål3_1024x768
Endre Norli avgir sin målstemme hos Gro Magnhild Brønstad.
Mål1_1024x820
Odd Ranheim hadde stemt rett, meinte han. Line Flåtten, Gro Magnhild Brønstad og Kjellaug Foseide passar på.
mål2_1024x768
Det er språket til Line Norli det handlar om. Mor May Toril avgir stemme.