Picasa

Fjøsdag – inn å jytt

Fredag var det Fjøsdag i Fredrikslia Lomunddalen. Over 20 produsentar møtte fram og vart inviterte «inn å jytt» i det nye fjøset til Elin Bakk og Yngve Kjøren av Ingrid Løfaldli på vegne av Rindal Produsentlag.

IMGP7675.JPG
Her ser vi Fredrikslia med nyfjøset til høgre, sett frå Gåsvassliene, andre sida av Lomunddalen og Lomundsjøen.

Nyfjøset i Fredrikslia har 880 kvm grunnflate og 50 liggebåsar. 129 dyr pluss eit linerlepar er på plass, men det er plass til totalt 140 dyr i fjøset.

IMGP7663.jpg
Stort drikkekar og roterande børste var populær, og der kunne det vere nærmast kø.

Etter innflyttinga i nyfjøset sist haust, har dei merka fin auke i mjølkemengda. Det tyder på god trivsel og godt stell.

Dei har litt over 400 000 liter i mjølkekvote.

Edel Bakk og Yngve Kjøren 2017-04-28.jpg
Gardbrukarane Elin Bakk og Yngve Kjøren. Elin har delstilling som sjukepleiar attåt bondejobben.

Garden disponerer 320 dekar, vesentleg frå to bruk, 50 – 60 dekar er dyrkingsklart.

Etter kvart reknar dei med å få godt heimebeite i lia ovafor fjøset, men det må gro til rundt føset først. Det står også att noko grusing og rydding rundt bygget, Snøen har gjømt mykje til no.

IMGP7641.jpg
Nyfjøset sett frå Lomunddalsvegen.

IMGP7647.jpg
Ivrige mjølkeprodusentar hører på orientering om fjøset.

IMGP7656.JPG
Mari Svanem med den yngste deltakaren, sikkert ei framtidig gardjente!

IMGP7660.jpg
Det var fred og ro i fjøset. Det var ikkje alle som ensa gjestane.

IMGP7661.jpg

IMGP7662.jpg
 

IMGP7664.jpg
Jyttarar!

IMGP7669.jpg
Ungdomsavdelinga

IMGP7671.jpg
Spekalvavdelinga

IMGP7674.jpg

IMGP7653.jpg
Fjøseigarane fekk plakat frå Geno og fjøs(?)klokke frå Tine.

20170428_124715.jpg

Fjøset er eit Gråkjær-fjøs. Rindal maskin har hatt grunnplaneringa og flytta mykje masse, fortalte Yngve Kjøren.
Elles har desse firmaene hat oppdrag under bygginga:
Rørarbeid – Rindal Rørservice
Elektrisk – Stein Havik, Svorkmo
Møkk-kum – Åsmund Vangstad, Verdal
Betong – Vibo
Spaltegolv – WVT-Betongprodukter
Tak – Kvatro
Div. kranarbeid – Petter Holte
Innredning – Felleskjøpet
Robot – De Laval