Picasa

Kulturvøkku 2014

Fisking, pølse, kaffe - fjelltur

Torsdag ettermiddag inviterte Turstigruppa i Rindal IL til fjelltur. Turen gjekk til gapahuken ved Gråortjønna i Fossdalen. Mesta 60 personar, unge og eldre, tok turen, nokre gjekk over Tuva eller Gråorfjellet også, når dei først var ute på tur.

Veret var perfekt og stemninga på topp ved gapahuken, der alle vart servert kaffe og pølse.

Nokre prøvde også fiskelykka, og det vart fisk!


Har denne furua rømt frå Trollheimen? Den har stått lenge, så det må være for lenge sidan.


Så ser vi den nye gapahuken som turstigruppa har reist inne ved Gråortjønna.


Det var folksamt ved gapahuken denne fine sommarkvelden.


Mary og Jon hadde fiska på veg oppover.


Jøran og Brage prøvde lykka i Gråortjønna. Jøran viser her fram fangsten sin.


Dette var ikkje Brage fornøgd med, og han fortsatte fiskinga.


- og her er belønninga for iver og tolmod.


Eit blikk på gapahuken igjen. Folk gir seg på heimveg.


Stor takk til Turstigruppa! Her ser vi primus motor for Gråortjønna, Bård Gåsvand. 


Ei krasafaren steinbu ...


Harde oppvekstvilkår ved Litjtjønna.


Kveldsro.