Skjermdump Klassequizen, Synnøve, Amund og Erik

Klassequizen:

Finaleplassen glapp etter sekunddrama

Surnadal ungdomsskule sitt lag svarte rett på 49 av 57 spørsmål - flest av alle dei ni laga - i den innleiiande quizen under laurdagens delfinale i "Klassequizen". I den avgjerande runden, "Sluttspurten", der dei to beste laga avanserte til finalen i mai, var surnadalingane om lag eit halvt sekund unna finaleplass.

Surnadal Ungdomsskule sitt lag fekk ein kjempegod start på laurdagens delfinale i "Klassequizen", som vert sendt på NRK1. 

Rundt midtvegs i tv-sendinga hadde Amund Pihl Strand, Synnøve Aukan Meisingset og Erik Kårvatn ei leiing på tre poeng ned til laga på andreplass.

Før siste kategori hadde Surnadal eitt poeng å gå på ned til Myre skole, og i kategorien "Okse" tok surnadalingane like godt tre av tre poeng. 

Av 57 mulege poeng fekk surnadalingane 49 poeng, og dei fekk dermed med seg Myre frå Nordland (48 poeng) og Smestad ungdomsskole frå Oppland  (45 poeng) til "Sluttspurten".

I "Sluttspurten" starta dei tre laga med blanke ark, med Surnadal som første lag ut. Pihl Strand, Aukan Meisingset og Kårvatn brukte 1.18,73 på å fullføre quizløypa, og måtte spent vente på om det heldt til å bli blant dei to laga som kvalifiserte seg til finalen i mai.

Myre, som vart nummer to i det innleiiande spelet, brukte rett over 50 sekund, og Surnadal var dermed avhengig av å halde Smestad bak seg for å avansere.

Laget frå Oppland låg heile vegen jamt med surnadalingane, men gjekk til slutt i mål 58 små hundredeler framfor Surnadal, som dermed måtte ta til takke med den sure tredjeplassen.

Sjølv om det ikkje vart finaleplass direkte etter laurdagens sending, har Surnadal framleis mulegheit til å gå vidare til finalen i mai som "Lucky loser".