Picasa

Felles høgtidsgudsteneste i Stangvik

Første pinsedag var det felles høgtidsgudsteneste i Stangvik kyrkje, for Halsa, Surnadal og Rindal. Den store Stangvikkyrkja var mesta full av folk frå alle kantar, og den tradisjonelle kyrkjebåtroinga gjekk etter planen.

Det har vore tradisjon i mange år med felles høgtidsgudsteneste i Stangvik kyrkje for Surnadal, Rindal og Halsa. Gudstenesta har tidlegare vore ein del av Vårsøghelga. I år er Vårsøghelga flytta ut ei veke, men gudtenesta samla like mykje folk for det, og dei kom både "til lands og vanns".

Gudstenesta var leia av prestane Vidar Wilhelmsen Rygh, Bernt Venås og Torbjørn Brøske.

Organistar var Daniel Bjørlo og Oddveig Helset Halle. Dei hadde også med seg Christian Madaus på fløyte og Jørn Einar Bjørnaas på saksofon.

Etter gudstenesta var det stor kyrkjekaffe til heile forsamlinga!

2015-05-24 12.09.32 Jørn Bjørnås og Daniel Bjørlo_690x460.jpg
Jørn Einar Bjørnaas og Daniel Bjørlo framførte eit fint musikkstykke på saksofon og flygel.

2015-05-24 11.27.14 Songkoret Vox_690x459.jpg
Koret Voks deltok med fleire nummer leda av dirigent Rolf Arne Berg og akkompagnerg av Hedda Hansen Berg på flygel.

Den første pinsedagen er kjent som ein stor dåpsdag. Denne søndagen vart Siri Honnstad og Richard Seth Crook døypt i Stangvik kyrkje.

2015-05-24 12.48.13 Siri Honnstad med foreldre og fadrar_690x460.jpg
Siri Honnstad med foreldre og fadrar.

2015-05-24 12.50.17 Richard seth Crook med foreldre og fadrar_690x460.jpg
Richard Seth Crook med foreldre og fadrar.

Frå Hamnes og Torvik kom folk i kyrkjebåtane sine,  - også ein fin tradisjon på første pinsedag.DSCN9139 Kyrkjebåt_690x460.jpg
Kyrkjebåtane gjer seg klare for heimturen.

DSCN9142 Kyrkjebåt_690x460.jpg

2015-05-24 13.29.36 Kyrkjebåt_690x460.jpg

2015-05-24 13.25.30 Kyrkjebåt_690x461.jpg

DSCN9148 Kyrkjebåtar_690x461.jpg2015-05-24 13.30.05 Kyrkjebåtar_690x460.jpg