Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Gå til galleriet
Søndag
Søndag Skyet
-4°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Regn
Regn
Flau vind

Fekk fotballtips frå MFK-favorittane

Unge og ivrige fotball-entusiastar frå Surnadal fekk gode tips frå Vegard Forren og andre MFK-spelarar på Syltøran tirsdag ettermiddag. Sjå bilder frå fotballskulen her!

Ferie og fotball er ikkje så verst ein kombinasjon. Sjølvsagt kan dagane brukast til å sjå VM-kampar på TV, men like artig er det å spele sjølv.

Surnadal IL har denne og neste veke fotballskule på Syltøran. Tirsdag var det ekstra stas for mange, da ein god del av Molde sine A-lagsspelar var instruktørar for rundt 100 fotballinteresserte i alderen 6-16 år i kommunen.

Eliteserielaget gjesta Surnadal både for å undervise på fotballskulen, ha miniseminar og spele treningskamp mot Surnadal sitt A-lag - ein kamp som MFK vann 4-1. Pape Pate Diouf, Christian Steen, Baye Djiby Fall og Marcus Andreasson scora for MFK, medan Roy Bolme reduserte for Surnadal.

Gleda over å møte MFK-spelarane var stor hos fotballskule-deltakarane, som fekk mange gode råd og vink frå Vegard Forren, Marcus Andreasson, Knut Dørum Lillebakk, Mattias Moström & Co.

Klikk på bilda under for større versjonar.

molde 1_1024x681
Henrik Laukli (9), Sivert Laukli (11), Andreas Gimse (12) og Kristoffer Berset (11) likte seg på fotballskule.
molde 2_1024x646
Konsentrert skytetrening under kyndig leiing av Mattias Moström.
molde 3_1024x759
Det er godt å få hjelp frå ein MFK-spelar til å knyte skoreimene skikkeleg!
molde 4_1024x672
Full innsats og god stemning på banen.
molde 5_1024x767
MFK-målvakt Knut Dørum Lillebakk hadde også gode råd å gje om utespelet.
molde 7_1024x656
Marcus Andreasson følgjer med medan dei yngste prøver å få ballen i mål.
molde 9_1024x687
Ingenting å utsetje på innsatsen hos dei unge fotballskuledeltakarane...
molde 6_1024x681
... men av og til kan det vere litt kjedeleg å stå i mål...
  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no