ola polden 89_690x459

Feira 89-årsdag på verkstaden!

I over to år har Ola Polden fungert som medhjelpar på mekanisk verkstad på Surnadal vidaregåande skole. 16.januar fylte han 89 år, og det var feira med kaffelag saman med elevar og lærar på verkstaden tysdag denne veka.

 – Det er så godt å få vere til nytte. Å få kome hit er rein medisin for meg.  Eg føler meg yngre no enn for to år sidan, smiler den spreke 89-åringen.

Ola sitt spesialfelt er traktorar, og hans kunnskap kjem godt med når elevane skal bryne seg på motoren i ein gammal bensintraktor frå 60-talet. Elevane har teke godt i mot Ola, og lyttar godt etter når han deler all kunnskapen han sit inne med.

Polden har lang yrkeserfaring innan området, mellom anna fleire år som mekaniker på Eiksenteret.

To dagar i veka er han fast innslag på verkstaden gjennom heile skoledagen. – Alternativet er å sitje heime i ein stol og sjå ut gjennom kjøkkenvindauget. Dette er så mykje betre, og eg gler meg til kvar dag, seier traktoreksperten.

Tysdag vart altså Ola sin 89-årsdag feira med gulrotkake og kaffe på verkstaden saman med elevar og lærarar i vg2 industriteknologi. Gutane song bursdagssongen til hedersgjesten, som vart både rørt og litt bydd. – Dette hadde eg ikkje forventa i det heile tatt. Eg tør ikkje tenkje på korleis det blir når eg blir 90, humrar Polden før han forsyner seg av kaffe og kake.

Vi skreiv om Ola da han starta som medhjelpar i 2012. Les den saka her.

ola polden feiring_690x536.jpg