Fargerikt fellesskap

Det fleirkulturelle programmet som Soknerådet og Folkeakademiet arrangerte torsdag kveld spente frå gudsteneste i kyrkja til korsong, foredrag og Fader Jakob i oppvekstsenteret.

IMGP7236-001.JPG

Det var prost Leif Endre Grutle (over) som leda gudstenesta, og preikateksta var frå Matteusevangeliet 25.kapittel der det mellom anna står:

- For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;
og vidare
- Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.

Dermed var vi midt oppe i dagsaktuell politisk debatt og dagens tema, sa prosten. Han refererte til politikarar som gjekk imot at kyrkja blanda seg inn i politiske spørsmål, men som gjerne uttalte seg om kyrkjelege spørsmål.

- Å oppfylle Jesu ord om å gjere godt, liknar politikk. Kyrkja kan påvise ting som er skeivt i samfunnet, politikarane må finne løysingane, sa Grutle.

2018-10-25 18.38.45_690x381.jpg

Forbønna under gudstenesta vart leda på 6 ulike språk: norsk, tysk, serbisk, engelsk, filippinsk, og tigrinja (Eritrea).

Galleriet i Mo kyrkje var pynta internasjonalt!

IMGP7230.JPG

IMGP7231.JPG

IMGP7232.JPG

IMGP7233.JPG

IMGP7239.JPG

Etter gudstenesta heldt programmet fram på oppvekstsenteret leda av Else Brandvoll Andresen (over), der songkoret Tormod stod for første avdeling.

IMGP7241.JPG

Koret framførte fire songar: Amazing Grace med Kristin Aasgård Langli, Irish Blessing, Kärlekens tid og Adeles To Make You Feel My Love.

IMGP7243.JPG

Kveldens foredrag var ved Eivind Hasle. Han tok utgangspunkt i menneskerettane. FNs menneskerettserklæring er 70 år i år, så det var naturleg at han tok oss med til historia bak den frå opplysningstida via den engelske Bill of Rights frå 1689, den amerikanske uavhengighetserklæringa frå 1776 og den franske menneskerettserklæringa frå 1789.

Flyktningar og folkevandringar var ein annan del av foredraget. Vi vart mint om mange historiske folkevandringar. Folk har flytta på seg for å finne arbeid og betre levevilkår, og folk har flykta av politiske og religiøse grunnar. Eksempel: norsk utvandring til Amerika, kvenar/finnar innvandra til Nord-Troms og Finnmark og nordmenn drog til Sverige og England under siste verdenskrig.

Fram til dei siste åra var stordelen av innflyttarane arbeidsinnvandrarar, men vi har også hatt folk som har flykta hit tidlegare; jødar ungarar, tsjekkarar og chilenarar.

I 1980 var det knapt 3 % av befolkninga som var innvandrarar eller barn av innvandrarar. I 2018 er det 14 %, og over 220 land er representerte.

Statistisk Sentralbyrå kunne nyleg fortelle at Rindal var den kommunen som har færrast innvandrarar, berre 2,4 % av folketalet.

Norge ligg ikkje slik til geografisk, og har heller ikkje slik klima at det er det landet folk tenkjer på først når dei dreg på flukt. Men vi er det tunnast befolka landet i Europa og har god økonomi. Eigentleg treng vi både arbeidskraft og kreative menneske.

- Norsk historie er – etter mi meining, sa Hasle, alt for ofte prega av vedtak som grunnlovsvedtaket frå Eidsvoll om at «jøder og jesuitter have ikke adgang til riket», eller av Bondepartiets statsministeruttale i Stortinget frå 1931 om: «Skal vi være så internasjonale at vi lager vårt land til en internasjonal søppelkasse, rent rasebiologisk sett?»

Han minte om at desse tankane ligg nær mange politiske uttalar i dag også. Dei partia som er mest opptatt av at folk må hjelpast i nærområda, er dessverre ikkje dei mest rause med utviklings- og flyktningehjelp heller.

Avslutningsvis konkluderte Hasle med at for dei fleste lokalsamfunna rundt om i landet, har innvandrarar og flyktningar vorte ei kjelde til læring og utvikling, og til større forståing av at vi har berre ein klode, og at vi må stelle med den og med kvarandre om vi og borna våre skal ha ei god framtid.

IMGP7247[1].JPG

Forsamlinga viser noko av mangfoldet vi har i Surnadal.

IMGP7248.JPG

IMGP7251.JPG
Kvelden vart avslutta med trekning og stor stemning. Det var mange gevinstar som var gaver frå lokalt næringsliv, og alle gjevarane vart nemnt med namn.