- Torsdag 09.02 Årsmøte i Rindal pensjonistlag
- Torsdag 09.02 Poengrenn i Bolme
- Fredag 10.02 Rindal kino: Norgespremiere: Pus i støvler
- Fredag 10.02 Rindal kino: Chronicle
- Lørdag 11.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Gudstjeneste Rindal eldresenter
- Søndag 12.02 Høgmesse Øye kyrkje
- Søndag 12.02 Familiegudsteneste Åsskard kyrkje
- Søndag 12.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Rindal kino: Chronicle
Fann tonen på Stangvikfestivalen
Stangvikfestivalen blir omtala som ein kammermusikkfestival, men inneheld så mykje meir enn det. Vel står det både klassisk og samtidsmusikk på programmet, men det meste kan skje - og det skjer! - i løpet av festivaldagane i Stangvik.

Etter "tjuvstarten" i Pakkhuset i Todalen torsdag kveld (les meir om den her), var det fredag offisiell opning av årets festival i Prestegarden. Med rundt 80 tilhøyrarar var det fullt i konsertrommet, og dei frammøtte på intimkonserten fekk oppleve mellom anna nye komposisjonar i moderne lyddrakt, markering av 200-årsjubileet for Schumann sin fødsel - og stangvikræpp!
Etterpå var det klart for opninga av festivalutstillinga - fotoprosjektet "Stangvik 2010", der Yngvild Sæter har fotografert alle fastbuande stangvikgardingar. Dette prosjektet er meint som eit tidsbilde, i tråd med Hans Hyldbakk sitt arbeid med bygdebøker.
Seinare på fredagskvelden fortsette festivalen med Krimkveld i Bondehuset. Laurdag er det mellom anna konsertar i Rutlåven og Bondehuset, medan det søndag er klart for fotballturnering og boklansering på Svissholmen, "søskenborn-duell" mellom Gjermund og Anders Larsen i Stangvik kyrkje, og den tradisjonelle ønskekonserten.
Den er i år tileigna Benito Nava og hans restaurant Zia Teresa i Trondheim - ein restaurant Trygve "Terenzio" Brøske har sakna så sterkt at han har gitt Benito i oppgåve å finne tilbake til den unike stemninga, i form av musikalske, verbale og kulinariske høgdepunkt.
For komplett festivalprogram, sjå her.
Klikk på bilda under for større versjonar.































