Fagdag kapphall

Indre Nordmøre Opplæringskontor

Fagdag for tømrarlærlingane

Indre Nordmøre opplæringskontor arrangerte fredag fagdag for tømrarlærlingar som er tilknytta opplæringskontoret, og det blei fagleg påfyll frå både prøvenemd i tømrarfaget og Rindalshytter.

Til saman ni lærlingar deltok på fagdagen og INO hadde fått med seg leiaren i prøvenemda på Nordmøre, Odd Inge Bjerkestrand, til å fortelja om tømrarfagets historie og om gamle byggemåtar og restaurering. Bjerkestrand har brei bakgrunn i faget, då han starta som lærling i faget i 1974 og arbeider no som handverker hos Nordmøre museum. Lærlingane var lydhør på kva Bjerkestrand hadde å fortelje og delte av erfaringane dei hadde hatt i samband med renovering/restaurering av gamle bygningar.

Etter ein pizza-lunsj på Bolme pensjonat, var det eit besøk til Rindalshytter som sto på programmet. Der fortalte prosjektsjef ved Rindalshytter, Jon Landsem, om kva bedrifta dreiv med og kva for utfordringar som ein tøff marknad ga og kva som krevs av ein tømrar i så måte. Han fortalde om sin eigen yrkesveg som var heile vegen frå tømrarlærling til siv.ingeniør og at han etterkvart hadde blitt ein «tre-nerd», som han kalle det sjølv. Han var glad for at det vaks opp ein ny generasjon tømrarar, og avslutta med at handverkarar frå Nordmøre og Trøndelag er kjende for å vera arbeidsomme, nøyaktige og ettertrakta.

Artig yrke

Dei ni lærlingane, fordelt på fem bedrifter, fortalte dei var glade for at dei valde byggfag som studieretning. Men for fleire av dei var det tilfeldig at det var akkurat tømrarar dei skulle bli.  -Då vi gjekk på ungdomskolen fekk vi litt lite «input» om dei forskjellige yrkesfaga som Surnadal VGS har, og det var tilfeldig at eg enda opp som tømrarlærling, seier Edin B. Ranes, og fortset: -Mange har eit feil syn på yrket og trur at det handlar berre om å «stat me hammar å slå ti spikar», og det for dårleg lønn. Dette stemmer ikkje! Dagane er interessante med mykje forskjellige arbeidsoppgåver, avsluttar han. Lærlingane hadde delteke i arbeid som restaurering, elementproduksjon, bolighus, hytter og næringsbygg, så einsidig arbeid er det i alle fall ikkje!

Vidareutdanning

Marit Drøpping, dagleg leiar INO, fortel at om ein har lyst til å bli ingeniør, så er yrkesfag den beste vegen å gå, då ein får større erfaring med yrket ein evt. ønskjer å bli ingeniør i. Ho ser med bekymring på at det ikkje blir noko førsteår, byggfag, på Surnadal VGS til hausten, då studiet nærast garantert gjev lærlingeplass i tømrarfaget til alle. Kvifor det er så få søkjarar på byggfag er det derfor ikkje enkelt å svara på…

Men av dei som deltok på fagdagen var det ingen som angra på at dei valde byggfag!

Fagdag Info.JPG
Jon Lansem frå Rindalshytter fortel om bedrifta.
Fagdag lagbilde.JPG
Frå venstre: Johan Almås, lærar byggfag, Edin B. Ranes, Talgø, Kristoffer Nordvik, Consto, Eirik Nordvik, Consto, Lars Sande, Vibo, Marit Drøpping, INO, Stian Bolme, Rindalshytter, Andreas Furuhaug, Merbygg, Marius J. Simonset, Rindalshytter, Sigbjørn Hausberg, Consto,Stian Tallerås, Vibo og leiar i prøvenemnda ,Odd Inge Bjerkestrand.
Fagdag lunsj.JPG
Mat må ein ha! Samt nokre gode historier, sjølsagt!