Mølje_1024x683

Får ikkje nok av Pink Floyd

Publikum på Nordmøre får ikkje nok av surnadalsmusikarane som hyllar Pink Floyd. Da Norsk laksefestival inviterte til utekonsert fredag kveld, gjekk folk nok ein gong mann av huse for å få med seg det forrykande showet deira. Konserten starta i opphaldsvær, og det vart etter kvart tett med folk på plassen utanfor utescenen ved Kulturhuset. Ikkje ein gong regnet som kom etter midnatt, fekk publikum til å rive seg laus frå eit show der intensiteten berre steig utover kvelden. Ungdommane i Bohemian Cardigans hadde dessutan gjort ein god jobb med å varme opp publikum før Pink Floyd-konserten.

Rockebandet Bohemian Cardigans består av Frank Hannasvik på trommer, Fredrik Baade på bass, Jøran Normann gitar, vokalist og gitarist Kristian Frisvold og Øyvind Liabø Fjeldstad på tangentar. Gutane har alle bakgrunn frå musilkklinja ved Atlanten v.g. skole, og dei lagar musikken sin frå grunnen av. Den som har følgd bandet over tid, har sett at dette er eit band som har hatt ei lovande, positiv utvikling. Dei er belønna for seriøst arbeid med musikken sin gjennom deltaking i UKM si landsmønstring og finaleplass i Bandwagon lokalt og regionalt. Dei har også vore oppvarmingsband for Dum Dum boys. Bandet er prega av gode individuelle prestasjonar, men også godt samspel, noko den felles bakgrunnen frå Atlanten nok til ein viss grad kan forklare. Fredag kveld var det altså laksefestival på programmet deira, og denne utfordringa takla dei sjølvsagt også godt. Saman med Surnadals hyllest til Pink Floyd var dei med på å skape ein minneverdig kveld i rockens teikn.

Mange av dei som møtte fram til Pink Floyd-konserten hadde vore på ei av dei tidlegare forestillingane og måtte få det med seg ein gong til. Andre opplevde showet for første gong. Det var enno lyst og opphaldsvær da konserten starta, og derfor kom ikkje dei visulee effektane så godt til fram til å begynne med. Etter kvart som mørket fall på, kom dei meir til sin rett og toppa seg under framføringa av "Shine on you crazy diamond" som vart framført som ekstranummer. Elles var det som under dei tidlegare konsertane tett mellom høgdepunkta både når det gjeld det totale musikalske og visuelle uttrykket og enkeltprestasjonar. Vi må likevel få lov til å trekkje fram Lisa Botterli som igjen gav publikum gåsehud med si framføring av "The great gig in the sky". Men som alt antyda: Dette var eit show som ikkje hadde fungert viss ikkje alle som var med, hadde ytt slike fantastiske enkeltprestasjonar.

Sjå omtalen frå konserten i Storstuå på februar her.

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie! Alle foto: Norunn Holten


 

Bohemian Cardigans 1_1024x683
Kristian Frisvold og Fredrik Baade i Bohemian Cardigans.
Jøran Normann_1024x1536
Jøran Normann i showmodus.
Øyvind Liabø Fjeldstad_cropped_1024x1227
Øyvind Liabø Fjellstad på tangentar.
Halvor Drøpping_1024x1536
Halvor Drøpping i aksjon på scena.
Stein Boge_1024x683
Solo i regi Stein Boge. I bakgrunnen Brage Kristian Einum, Kikki Moe og Oddbjørn Sponås.
Mølje_1024x683
Stemningsrapport!
Publikum_1024x683
Mykje folk på plassen framfor utescenen.
Kvande og Paulsen_1024x683
Torbjørn Kvande og Rolf Paulsen.
Nesten alle på scenen_1024x683
Dei fleste artistane samla på scenen.
Einum_1024x1536
Brage Kristian Einum.
Mauset_1024x683
Karstein Mauset gir alt på scena.
Einum & damen_1024x683
Brage Kristian Einum med kordamene Kikki Moe, Astrid Hyldbakk og Lisa Botterli Flostrand i bakgrunnen.
Kenneth Grytskog_1024x683
Kenneth Grytskog leverte 100 %.