Exodus2_350x181

Arkivdykk frå Surnadal - Send oss bilder!

Exodus - lokal rock frå 80-talet

Trollheimsporten sine fotografiske arkivdykk er svært populære blant våre lesarar. Hittil har det vore flest bilder frå Rindal som har blitt presentert, men vi ønskjer også fleire bidrag frå våre lesarar i Surnadal. Trollheimsporten sin medredaktør Bjørn Tore Brøske presenterer her bandet Exodus frå Surnadal, som han var bassist i og som spela på plattdansar og i samfunnshus i Midt-Norge i siste halvdel av 1980-talet.

Rocke-/dansebandet Exodus eksisterte frå 1984 til rundt 1987, og nokre av medlemmene hadde fartstid frå Neighbours, eit anna Surnadal-band. Exodus spela tøffare rock - hardrock/"puddelrock" pluss coverlåtar av bl.a. Beatles, Tina Turner, Robert Palmer m.m.

I starten besto bandet av Lars Fiske (keyboards), Helge Gravvold (gitar), Bjørn Tore Brøske (bass), Monica Breen (sang), Per Kristian Myhre Bøe (trommer) samt lydteknikar Odd Ragnar Bekken.

Exodus hadde fleire utskiftingar, og Trygve Brøske (keyboards), Lars Hommelhaug (gitar), Kåre Dønheim (trommer) og Lars Kristoffersen (vikar-vokalist) var blant musikarane som var innom bandet, som vart vidareført under namnet Black'n White i 1987.

Øvste bildet viser avisutklipp frå Driva av Exodus som oppvarmingsband for Jan Eggum på Nordmøre Folkehøgskule, ca. 1986. F.v. Lars Hommelhaug, Helge Gravvold, Monica Breen og Bjørn Tore Brøske. Bak trommene: Kåre Dønheim.

Bilde nr. 2 viser avisutklipp frå "indre nordmør" i 1985. Øvst f.v. Odd Ragnar Bekken, Lars Fiske og Helge Gravvold. Under f.v. Bjørn Tore Brøske, Monica Breen og Per Kristian Myhre Bøe.

Har du bilder du vil dele med Trollheimsporten sine lesarar, er det berre å sende dei til redaktor@trollheimsporten.no eller bjorntore@trollheimsporten.no  

Den som vil sjå fleire bilder, plakatar o.l. frå musikklivet på Nordmøre, kan også gå inn på nettsida plekterfesten.no