ellbjørg larsen karin sunde

Surnadal IL melder:

Ellbjørg Haugen Larsen ny leiar i fotballgruppa

På fotballgruppas årsmøte 20. januar vart Ellbjørg Haugen Larsen vald til ny styreleiar.

Det vart handsama vanlege årsmøtesaker, samt to innkomne saker på fotballgruppas årsmøte. Siste sak på agendaen var val av nytt styre.

Av ulike årsakar fortsett berre to frå styret i 2019, Bjørnar Strand og Trond Ellevset Blekken.

Det nye styret vart slik:

Leiar: Ellbjørg Haugen Larsen

Styremedlem BUA: Trond Ellevset Blekken

Styremedlem Anlegg: Bjørnar Strand

Styremedlem Senior: Sondre Næss Bolme

Styremedlem Arrangement: John Ingebrigt Gjerstad

Styremedlem Fri rolle: Svein Ola Fiske

Sportsleg leiar: Styret får fullmakt til å supplere denne rollen, då det ikkje var klart til årsmøtet.

 

På grunn av at Ellbjørg Haugen Larsen sitt i kontrollkomiteen i hovedlaget vil ho ikkje tiltre som leiar i fotballgruppa før etter hovedlagets årsmøte 12. mars.

Larsen gler seg til å ta fatt på oppgåva og ser fram til å lage "den gode garderobestemninga" saman med resten av styret.


Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.

Ingressfoto: Arkivfoto (Ellbjørg Haugen Larsen i midten).