stensønes og filmteam

Elise med i dokumentarfilm om tusenårsbarna

Elise Stensønes frå Surnadal er ein av tre norske ungdommar fødd i år 2000, som er med i filmen «Historien om tusenårsbarna».

Ingressfoto: Regissør Markus (t.v.), Elise Stensønes, kameramann Martin og lydmann Martin under filming i Surnadal (Foto: Privat).

Filmen «Historien om tusenårsbarna» er i utgangspunktet eit eksamensprosjekt for tre studentar ved Høgskolen i Innlandet på Lillehammer. Filmteamet har no gjennomført ei av to veker der dei følgjer Elise Stensønes og livet hennar på nært hald.

– Eg vart tipsa om prosjektet via søskenbarnet mitt, Jorid, som har teke den same utdanninga som dei som lagar «Historien om tusenårsbarna». Ho sende meg bilete av ein plakat som sa at dei var ute etter personar fødd i 2000, som dei kunne dokumentere frå livet til, seier Elise, og fortsett:

– Jorid meinte eg ville passe godt, så i slutten av januar sende eg dei ein søknad. Det er litt typisk meg å berre hoppe ut i det.

Filmteamet fatta raskt interesse, og neste steg var å spele inn ein videosnutt der Elise fortalte om seg sjølv.

– Det var ein dritdårleg snutt, så eg var sikker på at det ikkje kom til å bli noko meir av, seier Elise, og ler.

Søknaden heldt ho hemmeleg for alle, bortsett frå familien, i tilfelle ho ikkje vart med. Det vart ho.
 

– Utruleg rart i starten

I eit Skype-møte fekk Elise nemleg klar beskjed om at ho var ein av berre tre personar dei ønska å ha med i filmen sin.

Ikkje mange vekene seinare hadde dei tre studentane leigd seg hus på Åsskard gjennom AirBnB – klare for å følgje Elise gjennom vinterferieveka, då det samtidig var duka for russerevy.

– Regissør Markus, kameramannen Martin og lydmannen, som og heiter Martin, fortalte at dei nok valte meg ut fordi eg var så «mykje». Og så hjalp det nok at eg snakkar ei brei dialekt og bur på bygda, fortel Elise.

Filmskaparane dokumenterte frå livet til 18-åringen heile veka, og teamet gjorde opptak både bak scena på russerevyen, på revyfesten og heime hos Elise og familien.

– Den første kvelden dei var heime hos oss var det utruleg rart. Heile familien satt samla i sofaen og lurte på kva i alle dagar vi skulle snakke om, medan dei stod rundt oss og filma. Heldigvis gjekk det seg veldig fort til, seier Elise.

Ho fortel at jamnaldringane og vart raskt vande til at Elise hadde eit kamerateam på slep.

– I starten tykte nok folk rundt meg at det var litt rart, men eg vart imponert over korleis folk klarte å stenge ute at dei var der, og skjerpe seg litt rundt dei, seier ho, og legg til:

– Folk var nok litt skeptiske til at dei var med på revyfesten, men alle fekk beskjed om at det berre var å seie frå dersom dei ikkje ønska å bli filma, så tok filmteamet hensyn til det. Det enda opp med å bli ein kjempeartig fest, der alle til slutt ønska å prate med filmteamet heile tida.
 

Håpar på filmfestivalar og NRK-sal

Før dei tre filmstudentane tok til å følgje Elise i det daglege, intervjua dei henne i eit studio.

– Planen er at klipp frå det intervjuet skal fungere som forteljarstemme. Eg kjende at eg måtte legg om dialekta litt, det var visst ikkje så lett å forstå surnadalsdialekta, fortel Elise med eit smil.

Leiaren i Surnadal Ungdomsråd fortel at det er ein ørliten sjanse for at filmen vert å sjå på tv etter kvart.

– Det starta som eksamensoppgåve, men Markus, kamera-Martin og lyd-Martin har lyst til å utvide og lage ein lenger versjon av filmen og. Vi som er med er inviterte på premiere på kinoen på Lillehammer, og blir filmen bra er filmfestivalar og kanskje sal til NRK det neste dei satsar på, seier Elise, og legg til:

– Eg må innrømme at det jo hadde vore sykt artig om den vart vist på tv.
 

Dokumenterer eigen kvardag

Filmen «Historien om tusenårsbarna» handlar rett og slett om livet til tre ungdommar fødd i år 2000, og alt som skjer i ein ungdom sin kvardag: arbeid, skule, fritid og ikkje minst russetid.

Neste opptaksveke, der filmteamet igjen kjem til Surnadal, er i april. I mellomtida lagar Elise ei mappe, der ho legg inn videosnuttar av ting som skjer i kvardagen hennar.

– Det kan vere kva som helst, som eg tykkjer det er verdt å dokumentere. Det hender at eg gløymer heilt å legge inn noko, men heldigvis har eg gode venninner som hjelper meg å hugse det. Dei tykkjer heldigvis at det er kjempekult at eg får vere med på dette, seier Elise.

Ho fortel at ho har fått mange positive tilbakemeldingar frå jamnaldringar etter at det vart kjent at ho deltek i filmprosjektet.

Når filmteamet kjem att skal dei blant anna følgje Elise på skulen. Truleg får dei og med seg enten årsmøtet i elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, der Elise sit i fylkesstyret og er fag- og yrkesopplæringsansvarleg, eller russedåpen.

Filmteamet skal og gjere opptak på russelandstreffet på Lillehammer, der tanken er at dei tre medverkande 18-åringane skal møtest for første gong. Dei to andre som er med, bur begge på austlandet, fortel Elise.

elise stensønes 2.jpg
Elise Stensønes frå Surnadal er ein av tre 18-åringar som medverkar i filmen.

Deadline 13. mai

Dei tre studentane i filmteamet rakk tidleg å legge sin elsk på Surnadal.

– Ja, dei tykte det var så fint her. Det hjalp at det var ein skikkeleg fin solnedgang då dei kom, og dei let seg imponere veldig av Kalkstranda. Samtidig tykte dei altså at dialekta var utfordrande, og var veldig spente på om dei kom til å finne fram til Åsskard, seier Elise.

Ho får godkjenne klippinga av filmen så fort den er ferdig, og Elise fortel at både familien, kulturhuset og Sagatun, der revyfesten til russen vart arrangert, har signert kontrakt med filmteamet.

– Deadline er i utgangspunktet 13. mai, men eg forstod det slik at dei ville prøve å få utvida den litt, seier Elise.
 

Mange jern i ilden

I tillegg til å vere leiar i ungdomsrådet og fylkesstyremedlem i elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, er Elise nestleiar i elevrådet ved Surnadal Vidaregåande skole og viserussepresident.

I og med at ho i eleverorganisasjonen er fag- og yrkesopplæringsansvarleg sit ho og i eit nasjonalt fag- og yrkesopplæringsutval i Elevorganisasjonen, så 18-åringen har mange jern i ilden.

– Då eg vart valt som tillitsvalt i klassa mi andre året på vidaregåande, innsåg eg at stemma mi kan bety mykje, og at sjølv ein liten elev kan påverke mykje og utgjere ein forskjell, seier Elise, tydeleg engasjert.

– Det er artig å vere med og påverke. Vi ungdommane må ta grep og prate ungdommen si sak, vi kan ikkje berre klage og tru at alt blir av seg sjølv, utan at vi jobbar for det.

Etter vidaregåande ser Elise for seg å ta eit friår frå skule, og heller arbeide. Ho jobbar no ved Johansen Bakeri og Surnadal sjukeheim, og i tillegg til å halde fram der, har ho vore i kontakt med GoExplore.no, for å reise til Afrika og jobbe som frivillig der.

– Det er eit ønske eg har hatt i mange år. Eg vil oppleve så mykje så muleg, prøve noko nytt og verte kjend med nye folk, seier Elise.

På sikt har ho planer om å studere sjukepleie – gjerne i Oslo eller Kristiansand. Kanskje vert det eit år på folkehøgskule mellom året med jobbing og sjukepleiarstudiet.

Elise fortel at ho i vår har sagt nei til å stå på nominasjonslistene til både Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti til kommunevalet i haust.

– I løpet av året vert alle verva eg har avslutta, og eg ser for meg eit friår frå den typen verv no. Samtidig er eg veldig interessert i å halde på med politikk på sikt, og ser for meg å vere med i organisasjonsarbeid i studietida.