NRK-bilde av jaktlag på Rindalsskogen

Sjå video-reportasje i artikkelen!

Elgjakta er i gang på Rindalsskogen

På NRK Møre og Romsdal sine nettsider finn vi ein reportasje frå elgjakta på Rindalsskogen onsdag. Dette jaktlaget felte årets første elg i dag. Du kan sjå ein video-reportasje i artikkelen og. (Foto: John J. Storholt - NRK)

Onsdag samla jaktlaget seg på Haugen på Rindalsskogen. Seks mann og ein hund var klare for den etterlengta elgjakta. Joralf Fjelle fortel at han observerte elg for eit par dagar sidan, og var i god tru før jaget starta.

No er årets første fangst i boks, men sjølv om den vidare fangsten ikkje er garantert har jaktlaget det ordentleg fint likevel, skriv NRK.
 

Les heile artikkelen og sjå video-reportasje og fleire bilde her, på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.