tp_leserinnlegg

Eldreomsorg er ei stor utfordring framover

Eldreomsorg blir ei stadig større oppgåve i åra frametter. Talet på eldre over 80 år vil auke med om lag 50 prosent fram mot 2040. Den verkeleg store auken vil kome når etterkrigsbarna blir 80 år. Det vil seie frå om lag 2025. I tillegg kjem dei aldrande innvandrarane. Dette er fakta som må leggast til grunn når det gjeld planlegging av eldreomsorga for åra frametter.

Leiaren i Pensjonistforbundet (Pf) sitt helseutval i fylket vårt, Jon Skarvøy, har i mange samanhengar peika på kor viktig det er at kommunane har gode planer for eldreomsorga si. Skarvøy har peika på at på dette området skortar det mange stader. Det er altså ulik kvalitet og omfang på eldreomsorga rundt om i kommunane. Oppslag i lokalavisene om manglande verdighet ovafor pleie - og omsorgstrengane eldre er ikkje uvanleg. Dette er ikkje bra!

Eldreomsorga bør vere mest mogleg lik same kor ein måtte bu i dette landet. Korleis ein skal rette opp denne situasjonen er det delte meiningar om. Statleg finansiering av eldreomsorga, slik partiet FrP har gått inn for, er ein veg å gå. Den prøveordninga som er på gang med ei slik finansiereing i enkelte kommunar vil kunne gi svar på om dette kan ha noko for seg. Etter som eg forstår er tilbakemeldingane frå dei involverte kommunane gode. Ei innvending mot statleg finansiering av eldreomsorga er at dette vil redusere kommunane sitt handlingsrom når det gjeld prioritering av kommunale midlar. Det kan så vere. Men da skal ein også vere klar over at dei eldre på mange måtar er ei svak gruppe som lett kan bli overkøyrd når kommunebudsjetta blir klubba gjennom ved juletider kvart år. Å auke overføringane til kommunane er heller ingen garanti for at situasjonen for dei eldre kjem til å bli betre. Pengane kan bli bruka til andre føremål, og da er ein kome like langt.

Det er viktig å tenke nytt, også i eldreomsorga. Det blir og gjort. Nasjonalforeningen for folkehelsen vil til dømes at GPS skal bli tilgjengeleg for alle som har demens. Dette anten dei bur heime eller på sjukeheim. GPS gir både fridom, sjølvstende og meistringskjensle. Dette er viktig for alle, også for personar med demens. Her har kommunane ei utfordring.

Velferdsteknologi og aktivitetssenter blir sett på som viktig for dei eldre. Desse tiltaka vil kunne lette kvardagen, gi auka meistringskjensle og gjere sitt til at dei eldre kan halde seg friske og vere i god form sjølv opp i høg alder. Lokale trimopplegg kan vere til stor hjelp. Som konkret døme nemner eg stavgangturane til stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag.

Mange kommunar har ei bra eldreomsorg. Men alt er ikkje like bra. Det er derfor så viktig at dei svakaste eldre får det same tilbodet innan pleie- og omsorgstenestene uansett i kva for del av landet ein bur i. Det er viktig at dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene får gode arbeidsvilkår. Dei har ein viktig og krevjande jobb. Til slutt vil eg nemne at det er viktig at styresmaktene lyttar og tek på alvor dei signal som kjem frå dei eldre sine råd og organisasjonar og ikkje minst frå dei pårørande si side.

 

Johs. J. Vaag