tp_leserinnlegg

Eldreomsorg blir viktig for Surnadal i åra frametter

Eldreomsorg vil bli ei stadig større oppgåve for Surnadal kommune i åra frametter. Talet på innbyggjarar over 80 år vil nemleg auke sterkt om kort tid.  Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at allereie frå 2019 vil talet på personar over 80 år auke kraftig fram til året 2030.

Er kommunen godt nok førebudd på den utviklinga som vil kome? Det er mange positive trekk å vise til. Hausten 2017 blei Surnadal kommune tildelt Omsorgsprisen 2017 for samarbeidsprosjektet «Samhandling på siste vakt». For same prosjektet blei Surnadal saman med to andre kommunar nomineret av KS til «Etikkprisen 2017». Vidare er å nemne at Surnadal er med i eit forskingsprosjekt som blir kalla berekraftig skreddarsydd omsorg for eldre menneske. Prosjektet skal finne modellar for å få eldre til å bu heime lengst mogleg. I følgje Driva av 05.02.16 har professor Terje P. Hagen frå Universitetet i Oslo sagt at Surnadal kommune er leiande i Europa på heimebasert omsorg.

Innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal kommune utfører dei tilsette gjennomgåande eit framifrå arbeid. Ingen tvil om det, slik eg ser det. Det er viktig at desse arbeidstakarane får gode arbeidsvilkår. Dei har ein krevjande og viktig jobb.

Så over til det eg meiner ikkje er så bra. Surnadal kommune har på få år lagt ned heile 28 institusjonsplassar. Dette er mykje! 15 av desse nedlagde plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim med sine 15 institusjonsplassar. Dei siste 8 nedleggingane er i følgje kommunestyrevedtaket midlertidige. Eg er redd dei blir permanente. Tek eg feil blir eg glad.

Surnadal kommune ønskjer å vri eldreomsorga over frå institusjonsbasert omsorg til heimebasert omsorg. Her bør ein ikkje gå for snøgt fram. I ei tid med forventa stor auke i talet på eldre i Surnadal bør ein vere varsam med omfattande nedlegging av sjukeheimsplassar. Det er no ein gong slik at mellom dei eldste eldre vil det vere fleire som blir demente. Mange av desse kan ikkje bu i eigne husvære. Da kan ein sjukeheimsplass ofte vere det rettaste alternativet. Det er svært viktig at dei eldre får dei tenestene og den tryggleiken dei treng slik at dei kan leve sine liv med verdighet og meining.

Kommunestyret har vedtatt å byggje omsorgsbustader i Stangvika. Dette har eg heile tida vore i mot. Mangel på nærbutikk er ei stor ulempe for dei som bur i omsorgsbustader. Situasjonen er ein heilt annan ved ein aldersheim med kjøkken og døgnbetjening. Da ser eg det som rettare at det blir bygd tidsmessige omsorgsbustader på Skei. Oppføring av omsorgsbustader i tillegg til dei bustadane for eldre som er i Todalen frå før kan og vere eit fornuftig alternativ. I Todalen er det som kjend nærbutikk som er høveleg plassert.

Dei pleie- og omsorgstrengande som bur heime får ofte hjelp av sine næraste pårørande. Desse utfører eit viktig arbeid. Budsjettposten omsorgslønn er ofte i minste laget. Dette er tilhøve ein må ta omsyn til i arbeidet med kommunebudsjettet.

Neste år er det kommuneval. Da er det viktig å få stemt inn folkevalde som er villige til å ta dei eldre sin situasjon på største alvor. Vi får håpe det beste.


Johs. J. Vaag