ELBIL a 1912 Krpr Olav i Elbil frå bestemor Dr Alexandra_690x539

Elbil-dag på Sjøbruksmuseet

Kan elbil ha noko med historie å gjera? Ja, meiner Einar Oterholm og Bøfjorden Historielag. Søndag blir det elbil-mønstring ved Sjøbruksmuseet – med prøving og informasjon om historisk og framtidig teknologi.

Elbil d Oterholm Einar_690x963.jpg

Kåserer: Einar Oterholm kåserer om elbil og fysikk.


Ein handfull elbilar, både i privat bruk og som salgsreklame, vil innta museumsområdet søndag. Hyggeleg elbil-prat, demonstrasjon og muleg prøvekjøring er lagt inn i denne utandørs fasen av temadagen.

Med fysikkeksperiment og lysbilete kåserer så Oterholm under tittelen «Frå Herons kule til eGolfen på Valsøytunet». Her gir han rask innføring i motorutviklinga opp gjennom tidene - med blikk på funksjon og drivstoff.

Han startar med grekaren Heron, som for 2000 år sia skapte sin kuleforma dampturbin. Denne «Hermons kule» reknast som tidenes første motor og danna grunnlaget for dampmaskina på 1700-talet.

ELBIL a VW eGolf & Nissan Leaf på Valsøya_690x456.jpg
Valsøya: Ladestasjonen på Valsøya vart opna i sommar.


Derifrå tek Einar forsamlinga med inn mot vår tid – der han sjøl er ein foregangsmann andsynes energiutfordringane.  Som vi veit, har han vore pådrivar for ladestasjonen som i sommar vart opna på Valsøya.

ELBIL c Wavely frå 1903 Norges eldste eksist Elbil_690x543.jpg
Norges eldste: Denne Wavely-elbilen er frå 1903.

ELBIL a 1912 Krpr Olav i Elbil frå bestemor Dr Alexandra_690x539.jpg
Prinsebil: Kronprins Olav i elbilen han fekk av bestemor Alexandra i 1912.
 

Men visste du at landets eldste eksisterande elbil, ein Wavely, skriv seg heilt frå 1903? Og at daverande kronprins Olav som 10-åring fekk ein elbil som gåve av bestemor Queen Alexandra av England i 1912?

Elbil er ikkje så nytt som du kanskje trur – også det kan Einar Oterholm fortelje oss mykje om!

 

Tekst: Bernt G. Bøe