El Caminoi

Reisebrev fra gamle til nye Trollheimsporten

El Camino de Santiago de Compostella

Tekst & foto: Kjellaug og Ole Trygve Foseide. For ein månad sidan hadde Kjellaug og eg ei spesiell turoppleving: Vi var med på ei pilegrimsvandring til den spanske byen Santiago de Compostella. Les igjen den fantastiske vandringa til Kjellaug og medredaktør Ole T. på Trollheimsporten. Vi har kome til 2009 med oppgraderinga av reisebrev. I dag finn du også eit frå Røros:

Fra før er reisebreva for 2004 og 2005 kommet på plass fra gamle til nye Trollheimsporten. Klikk på linkene! Dette stoffet finne du under Reisebrev når du klikke På Porten på den grå menylinja når du er på Hovedsida. Framover nå oppdaterer vi 20062007 og 2008 med nye reisebrev. 2009 er det siste året med reisebrev fra gamle Trollheimsporten. Med det avslutter vi serien - to reisebrev her føst i dag og deretter de tre siste om ei uke. God fornøyelse! Reisebrev fra 2010 og 2011 finner du ved å klikke på linkene - alle ligger på nye Trollheimsporten under Reisebrev under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida..

Har du kommentarer eller noe å melde om til dette - er det bare å bruke: redaktor@trollheimsporten.no. Skal du ut og reise - send oss gjerne et reisebrev: redaktor@trollheimsporten.no.

Det var ei gruppereise der vi hadde følgebuss som tok bagasjen mellom overnattingsstadene, så vi bar med oss berre det vi trong for kvar dag. Vi starta i byen O'Cebreiro ca 1400 m over havet med rundt 0 grader og rim, og kom fram 152 kilometer og ei veke seinare i over 20 varmegrader. Underveis hadde både sol og regn, men god temperatur å gå i – rundt 10 grader. Gruppa var berre 16 personar, så vi vart godt kjende og delte sorger, plager og gleder med kvarandre. Vi møtte også ein del andre pilgrimar, m.a. to frå Kristiansund! Det var ikkje høgsesong enda. Kvart år går det hundretusenar av pilegrimar etter denne ruta. Bilda viser noko av det vi såg på turen. Lukter og kjensler får vi ikkje med. Heller ikkje kor godt det var å legge seg på senga når vi kom fram til overnattingsstaden, eller korleis det kjentes å stå opp neste morgon ... Dei som går dei siste 100 km får utskrive personleg pilegrimspass på pilegrimskontoret like ved katedralen.
Målet var katedralen i Santiago der dei jordiske restane av apostelen Jakob seiest å vere. Den er enda meir kjent enn Nidarosdomen som pilegrimsmål.
Vi fekk også med oss ein busstur til Verdens Ende, eller Cap Finisterre, der vi såg sole på veg ned i Atlanteren!
Nokre bilde kan du sjå nedafor, fleire finn du her!
Buen camino!
På veg nordover frå Madrid såg vi dette lanskapet - med vindmøller i bakgrunnen.
 
Morgon i O'Cebreiro
 
Vi starta ein kald morgon, men blomstrane greidde seg!
Utsikt frå O'Cebreiro
 
Slik var vegen vi gjekk etter mange stader, mange idyllar. Leia var merka med gule, godt synlege pilar.
 
For kvar kalve kilometer var det merkesteinar med avstanden til Santiago.  Her var det tilrettelagt for fotgengarar.
 
Pilegrimspasset måtte stemplast med jamne mellomrom.            Det var godt å komme fram til ein café med forfriskningar!
Endeleg kan vi sjå tårna på katedralen i Santiago de Compostella!