Tango5_1024x785

Eksotisk og internationalt på Surnadal sjukeheim

Julebordet for dei tilsette på Surnadal sjukeheim fredag kveld var ikkje som andre julebord. Det hadde eit eksotisk og internationalt preg over seg. I tillegg til den norske tradisjonsmaten, vart det servert rettar som ikkje er vanlege på norske julebord. Heile 25 rettar, frå dei nasjonane som er representerte i arbeidsstokken på sjukeheimen, var å finna på bordet, så der var det stor variasjon både i lukt og smak. I tillegg vart det også underhaldning av det eksotiske slaget.

Desse tre aktørane fryda seg over den spontane og gode musikalske kontakten som oppstod dei imellom.   

Tangoentusiastane Waldemar Strazdins og Conny Hübner hadde ei eksotisk danseoppvisning, på eit nivå som ikkje er så vanleg her på berget. Tangovals, Argentinsk tango og Milonga stod på programmet, da dei heilt uventa entra selskapet. Eistein Bæverfjord var hyra som accordionist, og fryda seg over utfordringa med å servera slike sørmerikanske og eksotiske rytmer. Som takk frå danseparet fekk han eit CD-album med 800 (åtte hundre) argentinske tangoar, som skulle vera ein inspirasjon til fortsatt samarbeide. Og Eistein ser ikkje bort ifrå det: Conny og Waldemar representerer høg underhaldningsverdi, og er ein fin spire å ha med i vårt lokale kulturliv, poengterer han.

Det vanka både gode ord, blomster og tårar i denne gjengen av omsorgspersonar. Mellom anna nytta Elisabeth høve til å takke for seg som leiar ved sjukeheimen.