Bente og Knut sammen_700x465

- reisebrev frå Bente og Knut I. Foseide

Eit halvår i Kambodsja

Knut og eg har vore i Kambodsja i snart eit halvt år no, skriv Bente Foseide i eit reisebrev frå Kambodsja. Trollheimsporten presenterte dei slik tidlegare, og har også hatt denne artikkelen som vi fekk frå dei. Les meir om dei nedafor!

 


Eit halvår i Kambodsja

-reisebrev frå Bente og Knut I. Foseide


 

Knut og eg har vore i Kambodsja i snart eit halvt år no. Vi skal vere her i fire år til saman og trivst godt som utsendingar for Misjonsalliansen. Vi bur i hovudstaden Phnom Penh og arbeider med utvikling i den fattigaste delen av landet.

 


Det har vore nokre spennande månader sidan vi reiste ut frå Noreg ein kald haustdag i november. Livet er jammen annleis på den andre sida av jorda! Her er det sol og varme kvar 

 

 


einaste dag, oransjekledde munkar traskar rundt i gatene der mopedar fraktar ein familie på 5 på eitt sete. Sprøsteikte tarantellar blir sett på som snacks og små slangar kan ein gjerne putte på ein pinne og ete.

 


 


Therese og eg smaker på ein kambodsjansk delikatesse,
steikt slange på pinne.
 

Gjestfri og festglad

Mange seier at Kambodsjas største skatt er folket. Og det seier eg meg einig i. Kambodsjanarar er nydelege menneske som er utrulig blide og imøtekommande. Ein føler seg velkommen som utlending i Kambodsja. Eit godt eksempel på det er at vi som ikkje kjente nokon her før vi kom vart invitert til 3 bryllup på fire månader! Feiringar er viktige her, og rett før påske er det ei vekes lang feiring av khmer nyttår. Det kjem som det siste nyttåret i rekka av tre. Først var det internasjonale nyttår 31.desember, så det kinesiske nyttår i februar og no det kambodsjanske nyttår. Men livet er langt i frå ein fest for størsteparten av befolkninga i dette

Ungane på barneskulen samlar seg om brønnen Misjonsalliansen har bygd med sine lokale partnarar i provinsen Kampot Pastor Meta, leiar i ein var våre lokale partnaroganisasjonar, ser ut over vanndammen som er bygd i provinsen Kompong Speu


vakre landet i Søraust-Asia. Det er eit av verdas fattigaste land der store deler av befolkninga lever i ekstrem fattigdom. Det er heilt basale behov som trengs i mange landsbyar - tilgang til reint vatn, næringsrik mat og latriner. I samarbeid med lokalbefolkninga bygger Misjonsalliansen brønner og latriner på alle skular og barnehagar i landsbyane vi arbeider i. Mellom nokre av landsbyane er det bygd opp ein vanndam som skal sikre 3 landsbyar trygt og reint vatn i tørketida. Dammen er inngjerda og har vatn reint nok til at ein kan drikke det. Då eg var der med kollegaen min Sochi smakte eg på vatnet, og drakk som om det skulle vere frå ein norsk fjellbekk. Riktignok var det ein del varmare enn fjellvatn, men likefullt friskt og godt. 


 

Lever tett på naturen

Kambodsjanarar lever tett på naturen og er veldig sårbare for verforandringar.
Størsteparten av befolkninga er bønder og 90 % av dei dyrkar ris. Om regnet ikkje kjem når det skal, risikerer dei at heile avlingar vert øydelagt.  


 

 

Gjennom lokale partnarar arbeider Misjonsalliansen med opplæring i ein ny risdyrkingsmetode som gir økte avlingar og krever mindre vatn. Det er imponerande å sjå kva forskjellar den nye risdyrkingsmetoden har ført til. Eg er ingen bonde, men eg skjønner at slike store friske riskorn er bra.

 

Denne bonden fekk dobbelt så stor risavling etter at han lærteein ny metode å dyrke ris på av Misjonsalliansen.
 

 

  
 

Krig svekka utdanninga

Kambodsja er eit land med ei konfliktfylt historie. Etter fleire tiår med borgarkrig, bombing og revolusjon på slutten av 1900-talet er landet no i ferd med å reise seg. Ettervirkningane er enorme og det er tøft å sjå kor mykje krig og totalitære ideologiar har øydelagt eit land. Under Røde Khmer sitt revolusjonære regime frå 1975 til 1979 vart dei fleste av landet sine lærarar og utdanna drept og ingen gjekk på skule. Det tok lang tid å bygge opp utdanningssystemet og i dag er mange av dei fattigaste råka av dette. No vert det satsa på skule for fullt og 94 % av alle barn går no på barneskulen. Men mange sluttar før endt skulegang og mange jenter blir dratt inn i klesindustrien. Misjonsalliansen arbeider for at fleire skal begynne på skulen og at dei skal få ei betre utdanning slik at færre droppar ut.


  Knut prøver å skrive khmer på tavla til elevane si store begeistring.


 

Hjelp til sjølvhjelp

Vår oppgåve er å vere rådgjevarar i utviklingsarbeidet, og vi samarbeider tett med lokale partnarar, organisasjonar og styresmakter. Denne månaden har Knut og eg besøkt barnehagar og skular i provinsane vi jobber i for å kartlegge behov for vidareutdanning for lærarar. Utdanningsteamet er midt i denne prosessen og det blir spennande å sjå kva dei lokale leiarane i landsbyane ønsker å gjere. Lokalt eigarskap er eit viktig mål for oss. Det sikrar landsbyane sin motivasjon for å hjelpe seg sjølv ut av fattigdom. Betre lærarar vil bidra til betre læring, og dermed større oppslutning om utdanning. Med støtte frå Norge verkeleggjer det muligheiter for mange ungar i Kambodsja!

 

Til venstre: Eg testar ut dei nye leikeapparata saman med ungane på Ponley barneskule i eit friminutt.

 

 

 

 

 


 

 

Til høgre: Skular på landsbygda i Kambodsja  er svært enkle og generelt i dårleg stand.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk her om du ønsker å bli fadder i Kambodsja.

 

 

Som fadder i Misjonsalliansen gir du 230 norske kroner i månaden.Vi ser at fadderbidraget når langt ut til fattige menneske på den kambodsjanske landsbygda.For det beløpet kan du utgjere ein stor forskjell for ungar og familiar i Kambodsja.

For 230 norske kroner bidrar du gjennom Misjonsalliansen til at ungar får gå på skule og får helsetilbud. Du bidrar også til at fleire får tilgang til reint vatn gjennom vassfilter, bygging av brønn og latrine, opplæring i landbruk, avling av kyllingar, kursing i likestilling, helseopplæring og opplæring i samfunnsdeltakelse og godt styresett.

Om du ønsker å følge med på arbeidet vi gjer i Kambodsja, sjekk ut bloggen vår www.kambodsjalive.no.