Torsdag
Torsdag Skyet
10°
Skyet
Lett bris
Fredag
Fredag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Svak vind
tp_leserinnlegg

Einslege eldre i desse koronatider

Den største delen av risikogruppa for covid-19 er oss godt vaksne, dei eldre. Mange i denne gruppa er ikkje på nett og får derfor heller ikkje med seg viktig informasjon om helsestyresmaktene sine råd og nyttig kjennskap om symptoma på sjukdomen og korleis koronasmitten spreier seg.

Men dei eldre høyrer på radio, ser på TV og får med seg ein laupande straum av negative nyhende om at dei er gruppa med størst sannsynlighet for eit alvorleg sjukdomsforløp. Mange i risikogruppa er einslege med begrensa sosialt nettverk. For desse er samlingsstader som kafear, eldresenter, møte/treff i aktuelle frivillige organisasjonar, frivilligsentralar med meir ikkje tilgjengelege lenger. Eldre kvir seg for å gå ut. Kvardagen er totalt endra for mange.

Vi opplever no ein landsomfemnande dugnad, og svært så bra er det! Som ein del av denne dugnaden må vi sørge for at dei eldre ikkje berre blir haldne unna smitte, men også at dei har nokon å snakke med. Dei må få høveleg og balansert informasjon, og dei må få tryggleiken attende. Koronatelefon der også eldre kan spørje om alt som har med korona å gjere, er eitt av fleire viktige tiltak i denne samanhengen. Mange frivillige stiller opp. Stor takk til alle desse for innsatsen. Organisasjonar som til dømes Nasjonalforeningen for folkehelsen og Røde Kors har sine opplegg med besøksteneste og besøksvener. I avisa Driva av 3. april (s.18) kan vi lese at Surnadal Røde Kors har åtte personar som har blitt godkjente som besøksvener. I dag kan ikkje slike besøk gjennomførast, men kontakten kan ordnast ved bruk av telefon. Og det blir gjort.

Rådet for et aldersvennlig Norge etterlyser tiltak for å ta vare på engstelege eldre i påska. I eit brev frå dette rådet til norske kommunar heiter det: «Påsken står for døra. Høytiden er krevende for mange, selv uten korona-viruset. Det er all grunn til bekymring hvis tiltak ikke blir iverksatt overfor engstelige, enslige eldre.»

Eldre, anten dei bur heime eller er på institusjon, blir verande åleine. Dette vil røyne på både psykisk og fysisk helse, og kan gjere store, ubotelege skadar, heiter det mellom anna i brevet frå det siterte rådet. Skrivet er underteikna av leiar Trude Drevland og leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen, som er rådsmedlem.

Så er det da opp til kvar einskild av oss, som har høve til det, å ta kontakt med eldre over telefon eller via eit eller anna digitalt opplegg. For eigen del har eg hatt som målsetting å ringe til ein eldre person kvar dag. Så langt er dette stort sett blitt følgd opp frå mi side. Kontakt med eldre personar i desse koronatider er svært viktig!


Johs. J. Vaag