skann0004_1024x596

Willy dukkar ned i arkivet I

Ein sommar er snart over

Sommaren er snart over og hausten med sine flotte fargar kjem snart over oss. I første del av arkivdykket har eg plukka fram fire bilde frå Kalkstranda i 1980-åra, truleg i 1984 eller 1985 - i ei tid det framleis var uvanleg med fargebilde i lokalavisene. Og vi fekk overraskande positiv respons med ein gong! - Hei dette er Gerd! Les meir om kva ho hadde å fortelle:

Desse dykka ned i arkiver vil bli frå ein mangslungen journalistisk karriere, som starta i Driva i 1982 og fortsette i Sør-Trøndelag og i Driva seinare. Nyleg starta eg å sjå gjennom nokre filmstrimlar, lagra i boksar og permer, meir eller mindre utan referansar. Kanskje kan lesarane vera med på å identifisere. Det er mykje sport å finne, særlig i staten, både frå damefotballen til Troll og meir. Eg vart litt nysgjerrig på dette og av erfaring trur eg mange vil sette pris på å sjå att desse bilda.

Samtidig har eg bladd litt i avisutklipp og her er det mykje gøttj å finne. Dette vil også kome i arkivdykka framover, mest som pdf, der dere alle kan få eit nostalgisk tilbakeblikk. Husk det er snart 30 år sidan og vi har glømt mykje av det som skjedde i 1980- og 1990-åra. For at dette skal bli lett å finne igjen, kan du alltid gå inn på Willys arkivdykk under På Porten under Hovedsida her på Trollheimsporten.

Først til 1984 eller 1985 og Kalkstranda i Surnadal. Her er ingen namngitt, men er de nokon som kjenner desse att - kontakt redaktor@trollheimsporten.no.

- Hei, dette er Gerd. Eg kjenner att nokre av dei badande på desse bilda. Ei blid stemme frå Surnadal når oss gjennom telefonen. Og så går det opp eit lys for oss. Det er Gerd Bolme, Skogly, no Johansen, som har kjent att dei badande:

- Det er kailln min, Marvin Johansen som badar i lag med litjtausa vår, ho Nina. No har ho blitt 26 år og eg trur bilda er frå 1986, seier ho. Gerd trur også det er sønnen Åge på bademadrasen og er dette i 1986 er han 6 år på bildet.

- Dette var utruleg gøttj å sjå og slike gamle bilde og arkivstoff må dere foretsette med. Det er fantastisk og eg tykkjer dere er så proffe og gode til å få det til. Eg gler meg kvar dag til å gå inn på Trollheimsporten. Eg har fulgt med Edgar og no også du. Det skal bli så gøttj, seier ho, noko vi tykkjer er utruleg fint å høre. Og vi kan love meir frå Edgar Kattem og frå Willys arkivdykk framover.

Er  det nokon som kjenner fleire her på bildene så bruk: redaktor@trollheimsporten.no.

Klikk på bildene og sjå dei større og i serie:

 

skann0001_1024x705
Alle foto: Willy Karlstrøm
skann0006_1024x654
skann0008_1024x593
skann0010_1024x710
skann0001_1024x705