Oddvar Mikkelsen Fylkesleder foto Arlid Erlien

Lesarinnlegg:

Ein siger for fornuften

Fem års vaksenopplæring gir omsider frukter i praktisk politikk. Etter harde og intense forhandlingar den siste veka kan vi konkludere med at jordbruksavtalen som vart underteikna 16. mai er det endelege nederlaget for den landbrukspolitikken Frp har gått til val på.

Jon Georg Dale er ein klok og resultatorientert politikar. Ikkje konfliktsky, men heller ikkje konfliktsøkjande som forgjengaren Sylvi Listhaug. Han har forstått at det ikkje finst vilje korkje i folket, på Stortinget eller blant bøndene til å akseptere den politikken partiet hans har programfesta. I staden har han og regjeringa gått med på ein avtale som er i tråd med mange av dei signala stortingsfleirtalet gav gjennom merknader til jordbruksmeldinga forrige vinter og merknadane til fjorårets jordbruksoppgjer. Kravet frå landbruket var klårt tilpassa Stortingsfleirtalets politikk. Regjeringa har no akseptert den norske landbruksmodellen som er ønska av alle dei andre partia. Landbrukssamvirka har ansvar for å regulere marknaden, og årets avtale klargjer at med dette ansvaret skal det følgje verkty til å utføre oppdraget. Landbruket svarar med å ta belastninga med dårlegare inntektsutvikling i dei produksjonane der det er overproduksjon.

Også Frp har endeleg forstått at det i norsk landbruk skal vere plass både til dei store kostnadseffektive bruka og til dei mange små tungdrivne bruka som held så mykje av det vakraste kulturlandskapet i god hevd. For første gong går denne regjeringa inn for ei innretting i bruken av budsjettmidlar som aktivt betrar driftsvilkåra for svært mange bruk som er på eller under gjennomsnittleg storleik, og som ikkje kan drivast hovudsakleg basert på marknadsinntekter, men må hente ein stor del av si inntekt frå produksjon av fellesgode som folket og stortingsfleirtalet er villige til å bruke budsjettmidlar på.

Regjeringa har og sett den negative utviklinga i Vestlands-landbruket og har vore med på ei viktig styrking av verkemiddel spesifikt for Vestlandet.

Det er også svært viktig at årets jordbruksavtale medfører betydeleg styrking av velferdsordningane for bønder som sjølvstendig næringsdrivande, og at vidare betringar skal utredast. Dette er avgjerande for framtidig rekruttering til næringa.

Sjølv om denne avtalen på mange viktige område er ein stor arbeidssiger for landbruket er det likevel på fleire punkt grunn til å førebu seg på harde forhandlingar også neste år. Det største nederlaget vårt er at det ikkje vart oppnådd ei inntektsutvikling som målt i kroner er lik med inntektsveksten i andre grupper. Gjennomsnittet av bønder vil dermed sakke enda lenger etter alle andre i inntektsnivå neste år. Fordi merknadane til landbruksmeldinga var for uklåre på dette punktet finn regjeringa argument for å bruke prosentvis lik utvikling i inntekt som mål. Her må vi leve i håpet om at dei partia som no har fleirtal på Stortinget nok ein gong er tydelege på at målet skal vere å redusere inntektsforskjellen mellom bønder og andre.

Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

 

Foto: Arild Erlien – Møre og Romsdal Bondelag