skoleskyss_1000x667

Ein meters-regelen fører til redusert kapasitet på skolebussen

Når skolane startar i neste veke, gir smittevernkrav redusert kapasitet for skoleskyssen. På grunn av smitteverntiltak, vil skolebussane bare ha plass til halvparten av passasjerane dei har til vanleg. Elevane må sitte med ein meters avstand frå kvarandre, på oppmerka sitte- eller ståplassar.

- Vi oppfordrar derfor dei som kan til å gå eller sykle til skolen. Å bli køyrt av foreldre er ei anna løysing, seier Arild Fuglseth, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune til nettsida www.mrfylke.no. 

I nasjonal rettleiar står det at elevane der det er mogleg ikkje skal bruke offentleg transport, med mindre dei ikkje har andre alternativ. 

- Det kan dessverre oppstå situasjonar der bussen må avvise elevar. Det som uroar oss er at vi kan sette elevar og sjåførar i ein vanskeleg situasjon, der ein anten må bryte smittevern eller la elevar stå att på haldeplassen, og ikkje kome seg på skolen. Dette må vi søke å unngå, seier Fuglseth.

Han fortel at det ikkje mogleg å sette inn ekstra bussar for å dekke skoleskyssbehovet. Fuglseth håper at foreldre og elevar tilpassar seg situasjonen.

- Med dei smittevernreglane vi må ta omsyn til, vil vi mangle om lag 300 bussar dersom alle elevane med skoleskyssrett skal ha eit tilbod, noko som ikkje er mogleg i dag. Som ein del av den kollektive smitteverndugnaden, ber vi elevane om å ha ei forståing for at det no kan vere plassproblem og for at det kan ta tid å løyse dette, seier samferdselsdirektøren.

For å mellom anna å ta omsyn til smittevernreglane samt å sikre eit trygt og godt skoleskysstilbod, har fylkeskommunen lagt opp til at dei offentlege vidaregåande skolane ikkje skal ta i mot meir enn inntil 50 % av elevane kvar dag. Elevane i vidaregåande skole skal då veksle mellom å møte på skolen og ha digital undervisning heime.