AA EM A1

Dialektmagasinet på Trollheimsporten

Eilert Mo - Rindalsmålet Arne Aune 7

Arne Aune hadde ein artikkelserie om Eilert Mo og Rindalsmålet i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag i åra 1991, 1993 og 1994. Denne serien passar godt som ei lita foreløpig avslutning i denne omgang på dialektmagasinet. Dei vil kome tre fredagar framover. Eilert Mo var født i 1879 av foreldre lærar Peder Mo frå Stjørdal og kona Marit Onsøyen frå Buvika.

Slik innleier Arne Aune denne artikkelen i årsskriftet for 1991:
P. Mo kom til Rindal som lærar i 1876, og om han er det elles å seie at ved sida av skulearbeidet var han ættegranskar og gav ut bøkene "Gardtales i Surnadal" og "Ættearv" for gardane i Rindal. Elles skreiv han ned ein del lokale historier og morosame småstubbar, som passar i årsskriftet.

Sonen Eilert var skulemeister, slik som far sin. Han gjekk på Tromsø offentlege lærarskule rundt århundreskiftet og hadde sine første skulepostar i Meldal og Soknedal. Kort tid etter kom han heim til Rindal og vart tilsett som lærar i Romundstad krets, der han verka resten av levetida. Du kan lese meir om Eilert Mo og Rindalsmålet nedanfor.

Desse artiklane frå Arne Aune vart første gong presentert i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. Dei er medlemmer av Trollheimsporten: Bli medlemAlle medlemmer her! Denne artikkelen stod i årsskriftet for 1991.

Dialektmagasinet på Trollheimsporten er omfattande og du finn mange artiklar her på Dialekt under Hovedsida. Surnadal Heimbygdlag har eit prosjekt om surnadalsmålet i gang på heimesidene til Surnadal kommune - klikk på linken.

Klikk på bilda nedanfor og sjå dei større, les og kos dere:

AA EM A2
AA EM A3
AA EM A4