InterSport 1_690x457

Eigarskifte hos Intersport

Intersportbutikken i Amfisentret i Surnadal har undertittel Olaf Moens Eftf. AS. Etter eigarskiftet nyleg ber den dette namnet framleis med rette. Dagens eigarar er faktisk 5. ledd handelsmenn!

Astrid Vaseng og Jo Kvande Hansen er no medeigarar i Intersport Olaf Moen Eftf. AS, saman med Astrids far, John Olaf Vaseng. 

Dei kjøpte andelen til Svein Forberg som har vore medeigar i Olaf Moen Eftf. AS sidan dei flytta til BC-sentret i 1981. Dette vart gjennomført i slutten av februar, og Svein skulle nyte pensjonistlivet. Slik gjekk det ikkje, Svein døde brått i april.

- Eg er takksam for den gode lærdommen Svein gav meg om butikkdrift, seier Jo.

- Vi er 5. generasjon som vidarefører drifta av butikken. Å halde liv i ein 100 åring er ikkje sjølvsagt i dag. Klart vi kjenner på presset utanfrå, men med fortsatt god service og kompetanse så har vi god tru på at denne forretninga har mange leveår framom seg, legg han til.

Les kva Trollheimsporten skreiv om 100-åringen i 2015!

I over 100 år har denne familien drive handel på Surnadalsøra, og frå 1981 på Butikksenteret, no Amfi Surnadal. Varetilbudet har utvikla seg frå sykkelfabrikk til fiske- og sportsutstyr, radio og TV til dagens Intersportbutikk med høg kompetanse særleg på jakt og fiskeutstyr og sjølvsagt på sykkel, der dei har eigen verkstad.

Butikken har mange kundar med livslangt kundeforhold. Mange gamle fiskarar spør etter pensjonisten John Olaf Vaseng no når laksesesongen nærmer seg. Andre spør etter ungdommen Jo Kvande Hansen.

John held seg mest på verkstaden, seier han. - Må opp berre når det skal tømmast søppel, legg han til.

- Vi er einaste våpen- og ammunisjonshandlar i nærområdet, fortel Jo Kvande Hansen. Sykkelverkstaden er sjølvsagt på topp og mykje nytta av syklistane i distriktet. Den servicen er viktig, og det er folk på verkstaden til ei kvar tid.

Kvande Hansen er opptatt av at folk skal handle lokalt.
- Da lyt vi ligge i selen og yte topp service og skaffe folk det dei treng av sportsutstyr til rette prisar, seier han. Han er glad for at det er litt konkurranse.
- Det skjerper oss, og det held kundane i dalføret. Her har vi ein sunn og god konkurranse, avsluttar Kvande Hansen.

InterSport 3_690x457.jpg

Jakt og fiske er eit viktig område for butikken. Veteranen Vaseng er nok eksperten på dette området. Fiskarane har forresten alt vore innom for å førebu seg på laksesesongen.

InterSport 2_690x517.jpg

Gudbjørg Iversen er den sist tilsette av dei 7 dyktige og kompetente tilsette. 

InterSport 4_690x457.jpg

Kjetil Bolme, ein av dei aller fremste syklistane i dalføret, var innom for ein sykkelprat og gode sykkelråd.

InterSport 5_690x457.jpg

InterSport 6_690x457.jpg

Slik møter du Intersport Olaf Moen Eftf. i Amfisenteret i Surnadal.

Du kan også besøke butikken på Instagram, Facebook og Internet!

Intersport Olaf Moen Eftf. er medlem av Trollheimsporten.