Una 2 (2)

E-turnering i mønster og lagmønster i bunad

For første gong i historia blir det arrangert E-turnering i mønster i ITF Taekwon-Do. Turneringa er organisert frå Tyskland med dommarar frå heile verda. Una Langeland Gravvold frå Surnadal NTN Taekwon-Do klubb er i finalen i sin klasse.

Turneringa blir filma, lagt på YouTube og dømt via skjerm.

– Dette er det første meisterskapet i sitt slag, og det er ikkje ei bombe at det var tyskerane som kom på det, seier Kjell Gunnar Polden i Surnadal NTN Taekwon-Do klubb.

– Nordmennene som er med gjer det generelt knallgodt. Vi er ein av verdas beste nasjonar i disiplinen mønster, men Surnadal har vel først og fremst vore sparringsklubb dei siste åra, sjøl om vi også har gode mønsterutøvarar. Og Una er ei av dei. Ho er landslagsutøver i sparring, men EM vart avlyst på grunn av korona, og da syntes tyskarane at dei måtte lage eit alternativ så dei som hadde forberedt seg godt til EM i mønster fekk ein sjanse til å konkurrere. Dette er eit forsøksprosjekt som det nok kan bli meir av.


Eit godt alternativ

Una Gravvold er einaste deltakar frå Surnadal i denne turneringa. Ho tykkjer den digitale løysinga har fungert godt. Det er ganske likt eit vanleg meisterskap, og eit godt alternativ. Ho synes det er bra at ein har fått denne mulegheita til å konkurrere i korona-tida. Una trur ikkje E-meisterskap vil erstatte vanlege meisterskap, men ho ser for seg at det vil bli fleire E-meisterskap og.

Una har vore gjennom 16-delsfinale, kvartfinale, semifinale, og no finale onsdag kveld. Det var flest tyskarar i hennar klasse, som er 1. dan damer under 18. Det er to norske deltakarar i denne klassen, begge frå Møre og Romsdal, og det er dei to som er i finalen. Una sin motstandar i finalen er Solveig Haukebø frå Molde. 

Det er fleire nordmenn som har gjort det godt i meisterskapet, fortel ho. I 9 av finalane er det nordmenn med, og 5 av finalane er heilnorske.

Finale-mønsteret blir filma onsdag kveld, og det blir dømt torsdag, så resultatet kjem torsdag kveld eller fredag.


Bunadskrigarar

Taekwon-Do klubben i Surnadal har også leikt seg med mønstertrening i bunad i maivêret. Det er eit lagmønster der fire av dei andre svartbelta i klubben er med.

– Vi burde kanskje bli sponsa av bunadsgeriljaen i Kristiansund, for dette er jo verkelig bunadskrigarar, ler Kjell Gunnar Polden.

På Kalkstranda mellom elingene tysdag ettermiddag. Aurora Dønheim Berle, Kari Hausberg, Una Langeland Gravvold, Maren Svanem og Jorunn Fiske.


Her er det fire forskjellige bunadar, så på taekwon-do-klubben sin facebookside har Polden utfordra medlemmane til å gjette kva for bunadar det er.

– Dersom det er andre som veit, eller har lyst til å gjette, kva slags bunadar dette er, så må dei gjerne sende meg ei melding på Messenger, seier Kjell Gunnar Polden.

 
Foto: Kjell Gunnar Polden