IMG_6745

Dugnad utanom det vanlege

Måndag kveld var det dugnad ved Mo kyrkje. Og det vart litt av ein kveld. Først kom det eit 20-tal personar av dei som så trufast møter på kyrkjegardsdugnad. Så dukka plutseleg Surnadalsrussen opp. Dei kom ut av russebilane med kvar si rive og hiva seg med og raka.

Først hadde dei faktisk vore på Ranes og raka også. Men så var det ikkje dugnad der likevel. Så da fortsatte dei like godt oppi Øverbygda. Som de nok alt veit, så er denne russen ein kjempegjeng! 

Men ikkje nok med at russen kom; for når det var ein velfortjent matpause kom jammen Mo skulekorps marsjerande! Soknerådet vil tru det er ikkje så mange dugnadar som kan matche dette! Det er dei litt i tvil om dei greier sjølv også. Tusen hjarteleg takk til alle som bidro til ein flott kveld og ein nypussa kyrkjegard!

Soknerådet vil takke dugnadsfolk, russ og korps. Kanskje ikkje verdensrekord, men ein kjempegau dugnad!

IMG_6757.JPG

IMG_6769.JPG

IMG_6778.JPG

IMG_6782.JPG

IMG_6788.PNG

Tekst og foto: Tove Mogstad