Du mitt Nordmøre 2017

Katolikken Dordi Skuggevik gjev sitt blikk på reformasjonen 500 år etter – på nynorsk – i Du mitt Nordmøre 2017, årsskriftet til Nordmøre Mållag. Eivind Hasle deler tankar omkring Peer Gynt i jubileumsåret, 150 år etter at Henrik Ibsen gav ut dette skodespelet.

2017-12-005.jpg

Du mitt Nordmøre presenterer seg som det einaste årvisse organet for nynorsk språk og kultur på Nordmøre. I år gjev dei oss 200 sider med stoff frå heile Nordmøre og av ulike sjangrar.

Innleiingsvis minner skriftstyret oss om at 2017 hadde mange viktige jubileum som dei ønska å minnast.
500 år sidan reformasjonen
150 år sidan Peer Gynt vart skriven
150 år sidan forfattar og folkeminnesamlar Edvard Langset vart fødd
100 år sidan første sameting
100 år med bokstaven Å

Alt dette vert omtala av dyktige nordmøringar

Reformasjonen
Det må bli interessant når Dordi Skuggevik, som konverterte til katolisismen på 80-talet, gir oss sitt syn på reformasjonen. Mange kjenner til interessa og innsatsen hennar for gregoriansk song og musikk, noko som er sentralt i den katolske kyrkja, og kjennskapen hennar til utviklinga i kyrkja, både den katolske og den lutherske er solid.

Samtidig er artikkelen hennar prega av personlege synspunkt og opplevingar som krydrar innhaldet. Konklusjon og framtidsønske hennar finn du til slutt i artikkelen i Du mitt Nordmøre 2017.

Peer Gynt
Heile tittelen på artikkelen Eivind Hasle skriv om Peer Gynt er «Peer Gynt – typisk nordmøring, nordmann eller amerikanar?» Han ser på Peer Gynt i samanheng med «Brand» som Ibsen skreiv året før. Alvoret i «Brand» blir avløyst av motpolen Peer, den «ideale fordring» av humoristen og skrytepaven.

Dersom nordmannen for 150 år sidan kan liknast med Peer Gynt, kven er dagens Peer? Hasle trur at ein både på Nordmøre og verda rundt også idag finn personar med dei sjølvopptekne egoistiske trekka og urealistiske fantasiane som vi finn hor Peer Gynt. Konkrete svar på det må vi finne sjølve.

Sjøbruksmuseet
Vi må også nemne ein fyldig lokal artikkel om Bøfjorden sjøbruksmuseum ført i penna av Gunnvald Bøe. Det er imponerande å lese om den aktiviteten Bøfjorden Historielag har vist gjennom åra frå 1995 da dei starta. 15 -16 søndagar i sommarmånadane har dei kvart år halde open sjøbruksmuseet med «dagens tema». Artikkelen er rikt illustrert og tek for seg mange av emna som har vore teke fram desse søndagane.

Småstubbar av Torolv Løset er spreidd utover i heftet som lett krydder. Vi deler denne bjørnepraten:
Ein gong skulle han Jon (tidlegare presentert som ei omgjengeleg og svært sterk kar) springe opp på setra og hente mjølk til middagsgrauten medan dei andre karane slipa ljåane. Oppe i lia sprang han seg rett på ein bjørn som var på tur nedover.
- Han vart så sint at han spøtta på meg, sa Jon, - men eg såg han så skarpt, rett i aug, at han tok til vettet og gjekk til sides.

Du mitt Nordmøre 2017 har 200 sider med godt stoff. Med dette heftet har du lesestoff langt ut i neste år!

2017-07-04 13.17.29_690x1035.jpg
Bokstaven Å er 100 år. (Privat foto på Å i Meldal).