Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
Picasa

Du er bra nok

Det er hovedbudskapet til forfattaren, journalisten og bloggaren Marta Breen når ho held foredrag i kantina på Surnadal ungdomsskole mandag 21. september. Møt opp og hør ein fengande foredragshaldar, seier Cathrine M. J. Gujord, Inger Anne Sunde og Elinor Bolme.

Sanitetsforeiningane i Surnadal og Halsa inviterer alle foreldre og føresette, besteforeldre og andre som er interesserte i ungdom til dette foredraget som har tittelen "Våre ungdommer, ikke bra nok?? - med fokus på skjønnhetshysteriet."

Marta Breen.jpg

I skoletida mandag 21. september skal Marta Breen (bildet) møte alle ungdomsskoleelevane i Surnadal og Halsa i Storstuå i Kulturhuset. Der vil også elevar frå Kulturskolen bidra med eit dramainnslag retta mot temaet.

 

Arrangørane håper at elevane etter dette vil påverke dei vaksne til å møte opp på møtet i kantina kl.19.00 same kveld. Dermed vil dei ha same bakgrunn for ein grundig samtale om dette temaet, - for alle er bra nok!!

 

Før dette vil Norske Kvinners Sanitetsforening lansere ein reklamefilm om temaet retusjerte modellar og jobben for å oppnå den perfekte kroppen.

 

Alle tenker at dette er eit jentefenomen, men det er nok kroppsfokusering i guttemiljøa også. Og det møter ungdommane våre i ei sårbar barne- og ungdomstid. Reklamen, facebook og andre sosiale media påverkar oss i kampen om å vere perfekt.

 

- Skolen merker godt dette presset, seier inspektør Inger Anne Sunde, og ho er glad for at skolen vart invitert til dette samarbeidet. Her kan både elevane og dei vaksne få samme informasjon og kan snakke saman heime etterpå.

 

Elevane vil bli orientert om temaet for møtet før dei skal dit. Etterarbeid på skolen står det fritt for lærarane å bruke tid på etterpå.

 

Sanitetsforeiningene har tradisjon for ei «Sanitetens uke» med likt tema i alle foreiningane. I år er temaet «Skjønnhetstyranniet.»

 

Sanitetsforeiningane i Surnadal og Halsa; Todalen, Torvik, Øvre Surnadal, Halsa og Valsøyfjord sanitetsforeiningar har gått saman om dette arrangementet i lag med Surnadal ungdomsskole, godt støtta av begge kommunane, Svorka og Surnadal Sparebank.

 

På øvste bildet ser vi Chatrine M. J. Gujord frå Halsa, Inger Anne Sunde, inspektør ved Surnadal Ungdomsskole og Elinor Bolme frå Todalen.

Tips en venn Skriv ut