Mandag
Mandag Regn
Regn
Liten kuling
Tirsdag
Tirsdag Kraftig sludd
Kraftig sludd
Frisk bris
Bøfjordelever-1

Namnehjelp fra Bernt Bøe

Dramatikk på Rindal Bygdemuseum

For ei tid sidan presenterte Edgard Kattem via Trollheimsporten nokre bilete frå skuleprosjekt med elevar frå Bøfjorden i 1980-åra, skriv Bernt Bøe i ei melding til Trollheimsporten og han har mange opplysningar om bileta. Les meir og sjå bileta, reportasjen frå Edgar Kattem og kommentarane frå Bernt Bøe:

Edgar Kattem:
Det er siste helga for sommeren på Rindal Bygdemuseum, og Edgar Kattem har sendt oss noen minner om gammel "dramatikk" på museet. Det er bilder av Bernt Bøe og elever fra Bøfjorden skule som lagde film av gammel lokalhistorie. Det var historiene om opprøret mot futen, og den kjente historia om "mannbjønnen" som ble spilt inn ved Rindal Bygdemuseum. Bildene er tatt sommeren 1981 (om mannbjønnen) og i 1984 (opprøret mot futen).

Jeg minnes at jeg hadde et intervju med Bernt Bøe i 1981, i forbindelse med at han og elevene fra Bøfjorden Skule spilte inn historia om mannbjønnen. Da sa Bernt noe jeg aldri kan glømme: "Historie er mangt anna enn Napoleon og andre store hærførarar"! Og det har Bernt rett i....

Sjøl har jeg for lengst kasta notatene med namna på disse elevene fra Bøfjorden, så jeg håper at noen kan hjelpe meg med det.

Bernt Bøe: Her er opplysningar om bileta:

A - Prosjekt "Futen og folket på 1700-talet".
Dette handla m.a. om futen Henrik Hønne og tiendeforpaktarane hans som for hardt fram mot lokalfolket i Bøfjorden og andre bygder i uåra rundt 1740. Bileta 132 - 134 gjeld skandalen som Hønne forårsaka i tingstua i Aure (1742) da han (i fylla) drog kården sin mot ein av følgjesmennene sine, ingen ringare enn godseigar Christen Lind - svigerfar til salmepresten/ biskopen Johan Nordahl Brun. Dramaet endte med at skysskaren Baltzer Meyer slo futen i hauet med ein bismar så han svima av ... (Dette er autentisk stoff!)

Foto ... 131:
På trappa til "tiendgarden" (her Rindal Bygdemuseum): Sitjande frå venstre May Elin Bæverfjord, Nora Vetleseter Bøe, Toril Bøe. Ståande: Britt Solem, Oddny Settem.

... 132:
Lærar Bernt Bøe (t.v.) instruerer Nora V. Bøe, Toril Bøe (delvis skjult), Tore Christian Johnsen, Stig Magne Solem, Britt Solem, May Elin Bæverfjord.

... 133:
Bernt Bøe (t.h.) demonstrerer korleis skandale-futen Henrik Hønne (Vidar Solem) skal slåast i svime med bismaren ... I bakgrunnen Magnus Bøklep, som Christen Lind. (Barske undervisningsmetodar på Bøfjorden skule den tida!)

... 134:
Basketaket i tingstua på garden Todal i Aure (1742). Godseigar Christen Lind (Magnus Bøklep, t.v.) prøvar å forsvare seg mot den rebelske og fordrukne futen Henrik Hønne (Vidar Solem) medan ein skrekkslagne "almue" er representert ved (mot høgre) Nora Vetleseter Bøe, Toril Bøe og Tore Christian Johnsen.

B - Prosjektet "Paa saadanne Bjørne"
Her gjeld det historia om Mannbjønnen, som i 1770-åra drap 5 menneske i Bøfjord-traktene - før Skyttar-Tølløv (Tølløv Pederen Foldal) fekk livet av han (med ein sølvknapp!) sommaren 1776. (Jf. "Bjønnastøtta" i Haugaskaret mellom Settemsdalen og Betna).

Foto ... 135:
Alf Petter Bøe med ekte bjønnarifle frå Oppigard i Settemsdalen

... 136:
Geir Arne Sæterøy blir utkledd som Mannbjønnen - av Anne Marie Åsgård.

... 137:
Husmannen på Kalset (her: Kåre Dønheim) - som "maatte baglængs retirere sig in sin Stue" for å sleppe unna Mannbjønnen i april 1776. Sitatet er frå brev til amtmannen i juli 1776.

... 138:
... Bernt Bøe (t.h.) filmar scena der husmannen (Kåre Dønheim) rømte for bjønnen(den utkledde Geir Arne Sæterøy).

.......

Håpar dette er til nytte! Bernt Bøe

Tusen takk til Bernt Bøe i Bøfjorden - klikk på bilda og sjå dem større og i serie:

 

Bøfjordelever-1
Jenter fra Bøfjorden skule venter på museumstrappa
Bøfjordelever-2
Bernt Bøe instruerer elevene inn på museet.
Bøfjordelever-3
Slik skal en bruke
Bøfjordelever-4
Så er slagsmålet i gang.
Bøfjordelever-5
Her er Skyttar-Tølløv, årgang 1981 klar for filming.
Bøfjordelever-6
Mannbjønnen kles opp, i bakgrunn er bjønnahaudet klart.
Bøfjordelever-7
Snart blir det dramatikk i møtet med mannbjønnen.
Bøfjordelever-8
Bernt Bøe er over alt og tar bilder.